Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Årets Osamæle: Mari Boine i samtale med Benedicte Maurseth

31. oktober 2021 kl 16:30

Sidan debuten for over 30 år sidan har Mari Boine vore ei sterk og  viktig stemme på den nordiske musikkscena. Ho har saman med sine medmusikarar fornya joik og den samiske tradisjonsmusikken ved å trekke inn impulsar frå rock, jazz og annan folkemusikk. Med ein innholdsrik diskografi og eit stort antal konsertar i inn- og utland har ho spreidd vår felles kulturarv over heile verda. Ho har motteke prisar i bøtter og spann for dette viktige arbeidet, blant anna Spellemann-prisar (inkludert heidersprisen), Rockheim Hall of Fame, Nordisk Råds Musikkpris, Samerådets Ærespris, og ho er utnemd til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden.

I årets Osamæle vil Boine og Maurseth samtala om tema som å vera i teneste for kunsten, egoet, prestasjonsjaget, kva som uroar, nærer og utfordrar ho, og ikkje minst om den menneskelege og kunstnarlege reisa musikken har tatt ho med på; frå å vera ei skjelvande ung samisk kvinne med dårleg sjølvbilete, til å bli ei sterk og uredd urfolkskvinne stolt av sin arv.

Med:
Mari Boine
Benedicte Maurseth
Georg Buljo (strenger)

Tilskipinga er særskilt støtta av Sametinget,  Stiftelsen Fritt Ord & NOPA

Billett:
Festivalpass / dagspass
Dobbel Voss idrettshall-billett: Mari Boine + Kim Rysstad
Det vert ikkje sal av enkeltbillettar til Mari Boine

Detaljar:

Dato
31. oktober 2021
Tid:
16:30

Lokale

Voss idrettshall