Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Knut Buen møter Steinar Rygg

30. oktober 2021 kl 17:30

kr 250

«Samhug i slåttespel»
Slåttar og spelemenn på vandring mellom Voss og Telemark

Alt frå slutten av 1700-talet, og kanskje også før, har det vore utveksling av kultur og næringsdrift mellom Vestlandet og Telemark. Folkevandringa over hardangervidda var stor, og med denne blei det bytt varer, tenester, stifta famelieband og, ikkje minst, bytt slåttar. Hardingfela hadde mykje av sitt største nedslagsfelt nettopp i desse traktene og dei historiske utøvarar i slåttespel treftest og lærte slåttar av kvarandre, noko me har gode døme på opp til i dag. Voss, med omeign, og Telemark, har hatt serleg mykje utveksling av slåttekunne og folkemusikalske venskap gjennom mange generasjonar. Knut Buen kjem difor til Osafestivalen 2021 for å fortelja om dette og gjeva døme på slik slåttemusikk i samtale, samspel og solodialog med Voss sin eigen meisterspelemann, Steinar Rygg. I høve konserten vil  også den nyutkomne boka om Leif Rygg vera til sals, nyleg lansert torsdag på Osafestivalen.

Med:
Knut Buen
Steinar Rygg

Billettar:
Festivalpass/dagspass eller enkeltbillett

Foto: Morten Krogvold

Detaljar:

Dato
30. oktober 2021
Tid:
17:30
Billettpris:
kr 250

Lokale

Voss idrettshall