Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

UngOsa  – helgesamling for born og unge

29. oktober 2021 - 30. oktober 2021

Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele eller toradar? Om du svarar «ja» (på eit eller fleire av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa!

Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 6.gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge felespelarar, songarar, toradarspelarar og dansarar frå 7 til 18 år bli med oss denne helga.

Gjennomgangstemaet for kurshelga er «Danseglede», og alle skal få lov til å anten spele, syngje eller danse til songen Danseglede.

Nytt av året er at det vert eit eige kurs i samspel med John Ole Morken som lærar.

Andre lærarar som er på plass no:
Lajla Renate Buer Storli og Kim Rysstad i kveding
Ingrid Schei Stuhaug, Maria Skjeldrum Toppe og Knut Hamre på hardingfele
Ole Nilssen og Ingvild Seilen på toradar
John Ole Morken på samspel
Inga Myhr og Åsmund Nestås Øydvin på dans

Deltakarane får delta på konsert og dans under festivalen, dei skal ha sin eigen konsert og så vert det sjølvsagt mykje sosialt og moro! Hiv dykk med!

Påmeldingsfrist 1.oktober!
Meld deg på her

Detaljar:

Start:
29. oktober 2021
Slutt:
30. oktober 2021

Lokale

Voss ungdomsskule
Olavsvegen
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart