Lastar Hendingar

Alle har en liten dør bak øret

Alle har en liten dør bak øret
lau 30. okt 2021
10:30

«Alle har en liten dør bak øret» er ei rekke musikalske framsyningar for heile familien med utgangspunkt i nyare norsk poesi for born. Folkemusikar Annlaug Børsheim har laga ny musikk og saman med skodespelar Vibeke Flesland Havre inviterer dei oss inn i ei verd der enkle pappfigurar får liv, kleshengarar blir til fjerne fjell og der ei pappøskje ikkje lenger berre er ei pappøskje. Mange av dikta har blitt til songar og utøvarane både syng og spelar fele, gitar og tangentar på scena. Ved hjelp av skuggespel og lyssetting har dei laga eit poetisk og musikalsk univers for born i alle aldrar.

«Det er tydelig at Havre og Børsheim tar sitt publikum på alvor, og det er en modig måte de gjør det på. Vi har alle godt av å bli minnet om at store historier kan finnes i små ting, og bli inspirert til å søke underholdningen andre steder enn i skjermene. Det de får til her er ikke bare viktig, det er også nydelig og rørende.» Mette Paust-Andersen, Barn i byen.

Med utgangspunkt i poesien og tekstane har kvar framsyning eit eige tema, det kan vere tankane våre, universet, døden eller kjensler som sinne og sakn. Abstrakte tema og sterke kjensler som born har eit forhold til frå tidleg alder, store spørsmål som ein aldri sluttar å undre seg over. Formidla gjennom enkle dyrefigurar i papp, med bruk av skuggespel, poesi og musikk.

Til Osafestivalen kjem dei med framsyninga  «Storm i hodet – en fryktelig vind blåser tankene bort» I denne framsyninga møter me hunden som har ein storm i hovudet, ein frykteleg vind som bles tankane bort. Han har berre lyst til å bite og slå, bite og klore og glefse og lugge og rive i filler og rive sund og øydelegge alt alt alt.

Så går de en tur,
katten og hunden,
for alle trenger litt luft i hodet,
litt vind i tankene,
litt fugler i håret,
litt granbar i pelsen,
litt gress under foten
og en venn som forstår det meste.

(Gro Dahle)

Manus og idé: Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre
Musikk: Annlaug Børsheim
Medverkande på scenen: Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre
Scenograf: Mari Watn
Lysdesigner: Silje Grimstad
Dikta i denne framsyninga er skrivne av: forfattarane Gro Dahle, Per Olav Kaldestad, Christian Løchstøer og Ruth Lillegraven