Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Veggkonsert

30. oktober 2021 kl 9:30

Steinar Ofsdal har teke med eit stort utval av dei 400 instrumenta sine til Voss og nydelege Gamlekinoen! På denne konserten er det ikkje stygt å peika. På oppfordring frå publikum tek han ned eitt og eitt instrument og spelar og fortel dei mest fantastiske historiene. Kanskje du får høyre ein kinesisk dizi? Eller ein nepalsk bansuri, zambisk xylofon, filipinsk bambusmunnharpe, samisk shamantromme? Eller kva med ein hulisi, erhu, dreielire, timple, fiedel, xun, quena, fjellfløyte, ukulele, mbira, suona, yueqin, zampoña, eller ein hageslange? Kom og peik på din favoritt!

Digg fukost i sal frå «Ditt & Datt»

Billetten inkl. også «Lillebo & Stubsveen» i Gamlekinoen foajé kl.11.00

 

Detaljar:

Dato
30. oktober 2021
Tid:
9:30

Lokale

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart