Skip to content

Osafestivalen 2021

26. - 31. oktober 2021

Program

  • Osa i Ungdomshallen

    Studentane på Ole Bull Akademiet har med seg eit mangfald av instrument og musikkuttrykk på scena, med bakgrunn i folkemusikktradisjonar frå eit stort område - norsk munnharpe møter svensk mandola,…

    onsdag 27. okt
    20:00
    Ungdomshallen
  • Bokslepp: Leif Rygg – Visjonær tradisjonsberar

    "Alle" kjenner meister- og riksspelemannen Leif Rygg. Men det er kanskje ikkje så mange som veit at han elska å vera kremmar og selja fisk og joletre? I Steinar Rygg…

    torsdag 28. okt
    17:30
    Voss Kulturhus
  • Opning av festivalutstillinga

    Årets festivalkunstnar er Bendik Finborud. Gjennom maleri, etsningar, musikk og ikkje minst handmåla animasjon skapar den unge vossingen eit eige visuelt uttrykk som bryt grensene mellom tradisjonell og digital kunst.…

    torsdag 28. okt
    19:00
    Voss Kulturhus
  • Kultivatorpodden Live | huskort/pass

    Kultivatorpodden er ein podkast om kunst, kultur, folkemusikk og historie av og med Mette og Vegar Vårdal. Denne kvelden inntek dei festivalsofaen og inviterer gjestar til å snakke om årets…

    torsdag 28. okt
    20:30
    Gamlekinoen Foajé
  • Thov G. Wetterhus – Munnharpe med vreng | huskort/pass

    Det er utruleg kor mykje drivande rytme, melodi og spanande klangar ein kan laga med ein liten metallbit i munnen, om ein berre er dyktig nok! Thov G. Wetterhus er…

    torsdag 28. okt
    22:00
    Gamlekinoen Foajé
  • Open Osascene | huskort/pass

    "Du fela mi pale ale" frå Voss Bryggeri og skikkeleg hangout med open osascene i Gamlekinoen! Kan det bli betre? Perfekt oppladning til festivalhelga! Berre til å setje av heile…

    torsdag 28. okt
    23:00
    Gamlekinoen Foajé
  • UngOsa  – helgesamling for born og unge

    Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele eller toradar? Om du svarar «ja» (på eit eller fleire av desse spørsmåla) så meld…

    fredag 29. okt
    TBA
    Voss ungdomsskule
  • Folkesnurr Spelemannslag – DJ, perkusjon og videokunst + HipHop/Break møter hallingdans| pass el. enkeltbillett

    Forsvinn magien i folkemusikken om ein legg musikken inn på ein minnepinne, miksar og triksar litt, og sender den ut att frå DJ-pulten? Litt annleis vert det jo, men magi…

    fredag 29. okt
    00:30
    Voss idrettshall
  • Lunsjkonsert

    Framtida ser og høyrest ljos ut for folkemusikken her i landet, når ein ser det tilfanget av unge talent som blømer fram frå dei ulike folkemusikkutdanningane våre. Me er glade…

    fredag 29. okt
    12:00
    Nain
  • Stikk innom-konsert med Toradarskulen / Fast i Skjervet

    Velkomen til gratis stikk innom-konsert med Toradarskulen / Fast i Skjervet på Ringheim Kafé! Toradarskulen tilbyr toradar- og trekkspelundervisning til born og vaksne på Voss. "Fast i Skjervet" er toradargruppa…

    fredag 29. okt
    14:00
    Ringheim Kafé
  • HipHop/Break møter hallingdans – ungdomsworkshop

    Bli med på danseworkshop i ungdomsklubben Gryto med break-dansaren Navid Rezvani og folkedansaren Torkjell Lunde Børsheim! Fyrstnemde er tidlegare Norgesmeister i break-dans, Norske talenter-deltakar, vinnar av Persia´s Got Talent i…

    fredag 29. okt
    15:00
    Vangsgryto
  • Prøv deg – lynkurs i seljefløytespel

    Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born…

    fredag 29. okt
    15:00
    Ole Bull Akademiet
  • Pils med Nils

    Journalist og vorspielvert Nils Kvamsdal har fått med seg ein fantastisk gjeng i sofakroken fredag ettermiddag før sjølve opninga av festivalen! Her vert det musikk og gode samtalar, og du…

    fredag 29. okt
    16:00
    Gamlekinoen Foajé
  • Stian Carstensen opnar Osafestivalen

    Eidsvollingen Stian Carstensen har vore ein sentral utøvar innanfor jazz og folkemusikk gjennom 30 år som både utøvar, komponist og formidlar. Han er kan hende mest kjend frå bandet Farmers…

    fredag 29. okt
    18:00
    Voss idrettshall
  • Opningskonsert: Bjørn Kåre Odde «Folk Chamber» | Pass

    Bjørn Kåre Odde har i snart eit tiår vore ein av dei mest attraktive felespelarane i landet – som konsertmusikar så vel som dansespelemann. Det er tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen som…

    fredag 29. okt
    18:30
    Voss idrettshall
  • Aofaott | Pass

    Trad. i redesign! Med bakgrunn i sjangrar som folkemusikk, country og americana, blues og boogie, jazz og populærmusikk tek Aofoatt tak i den lokale folkemusikken og gjer han til sin…

    fredag 29. okt
    20:00
    Voss idrettshall
  • Gåte Akustisk med Knut Buen | Voss idrettshall | pass el. enkeltbillett

    Gåte har spelt nesten eit halvt tusen konsertar der dei har gjort alt så stort, kraftig og eksplosivt som mogleg. No tek dei ei heilomvending, og presenterer ny og gamal…

    fredag 29. okt
    21:30
    Voss idrettshall
  • KVERNBERG/CARSTENSEN DUO | Voss idrettshall | pass

    Duoen er velkjente Ola Kvernberg på fele og bratsj og multiinstrumentalist Stian Carstensen på trekkspel og banjo. Duoen  er vidgjeten for sine livlege framføringar, speleglede, driftige virtuositet og  kompetente, musikalske…

    fredag 29. okt
    23:00
    Voss idrettshall
  • Veggkonsert

    Steinar Ofsdal har teke med eit stort utval av dei 400 instrumenta sine til Voss og nydelege Gamlekinoen! På denne konserten er det ikkje stygt å peika. På oppfordring frå…

    laurdag 30. okt
    09:30
    Gamlekinoen Foajé
  • Alle har en liten dør bak øret

    "Alle har en liten dør bak øret" er ei rekke musikalske framsyningar for heile familien med utgangspunkt i nyare norsk poesi for born. Folkemusikar Annlaug Børsheim har laga ny musikk…

    laurdag 30. okt
    10:30
    Osasalen
  • Lunsjkonsert med Lillebo & Stubsveen

    “Detta var nåe som vart spelt da ́n Adam gjekk i småskuuln” Om tolking og formidling av tradisjonsmusikken i vår samtid Kven er folkemusikken for? Er folkemusikken aktuell og viktig…

    laurdag 30. okt
    11:00
    Gamlekinoen Foajé
  • Prøv deg! Lynkurs i dans

    Vi ladar opp til dans med Kvarts laurdag kveld i idrettshallen! Deltakarane får prøve seg på dei vanlegaste pardansane frå området: springar, reinlender, polka og vals. Passar for alle som…

    laurdag 30. okt
    11:00
    Ole Bull Akademiet
  • Musikalsk prøverom

    Kva slags merkelege instrument har Steinar Ofsdal funne fram frå samlinga si? Ta ein tur innom musikalsk prøverom på torget på laurdag! Vi fyller eit stort telt med spanande folkeinstrument…

    laurdag 30. okt
    12:00
    Torget
  • Meistertimen med Vegar Vårdal

    Kva betyr det eigentleg «å gå i lære» hjå nokon? Korleis foregår overlevering av tradisjonar, kunnskap og speleteknikk i praksis? Osafestivalen inviterer til programposten «Meistertimen» med Vegar Vårdal og studentar.…

    laurdag 30. okt
    12:30
    Osasalen
  • ESC ungdomskompani for samtidsdans: «VI ER DET VI SIER, MEN OGSÅ DET VI TIER OM»

    ESC ungdomskompani for samtidsdans har invitert koreograf Sigurd Johan Heide (Kartellet) og komponist Snorre Bjerck til å skape ei framsyning for og med ESC ungdomskompani for samtidsdans. Premieren på førestillinga…

    laurdag 30. okt
    12:30
    Nain
  • Stikk innom-konsert med Toradarskulen / Fast i Skjervet

    Velkomen til gratis stikk innom-konsert med Toradarskulen / Fast i Skjervet på Ringheim Kafé! Toradarskulen tilbyr toradar- og trekkspelundervisning til born og vaksne på Voss. «Fast i Skjervet» er toradargruppa…

    laurdag 30. okt
    13:00
    Ringheim Kafé
  • Pils med Nils

    Journalist og vert Nils Kvamsdal inviterer til herleg musikk og gode samtalar i sofakroken i foajéen i Gamlekinoen laurdagen! Gjestar: Hildegun Øiseth, Eilif Gundersen, Bjarte Eike, Sigrid Stubsveen, Knut Buen…

    laurdag 30. okt
    14:00
    Gamlekinoen Foajé
  • Prøv deg! Lynkurs i kveding

    Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born…

    laurdag 30. okt
    14:00
    Ole Bull Akademiet
  • Prøv deg! Lynkurs i munnharpespel

    Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born…

    laurdag 30. okt
    14:00
    Ole Bull Akademiet
  • Dei gamle er eldst

    Dei gamle er eldst er ei gripande danseframsyning som kretsar rundt dei eldre hallingmeistrane våre, dei store førebileta for ein heil generasjon nye dansarar, som trør dansen med livsrøynde kroppar…

    laurdag 30. okt
    16:00
    Voss idrettshall
  • Knut Buen møter Steinar Rygg

    «Samhug i slåttespel» Slåttar og spelemenn på vandring mellom Voss og Telemark Alt frå slutten av 1700-talet, og kanskje også før, har det vore utveksling av kultur og næringsdrift mellom…

    laurdag 30. okt
    17:30
    Voss idrettshall
  • Urtonen | pass

    Årets urtoneinstrument er bukkehornet  (iblant kalla stutarhorn eller spellarhorn). Tradisjonelt er det eit gjetarinstrument, som mellom anna vart brukt til å skræme bort rovdyr og kommunisere med andre gjetarar eller…

    laurdag 30. okt
    18:30
    Voss idrettshall
  • Mat, musikk og vin – Nordnorsk smaksoppleving

    Under årets "Mat, musikk og vin" inntek den Bodø-baserte restauranten Lystpå kjøkkenet på Park Hotel. Akkurat kva menyen inneheld, er førebels ei overrasking, men me vonar på smak av midnattssol,…

    laurdag 30. okt
    19:00
    Park Hotel
  • Torgeir Waldemar med Abildsø Spelemannslag | pass

    Country-, americana- og folkrockaren Torgeir Waldemar tok det norske folk og ei samla musikkpresse med storm med den sjølvtitulerte debutplata si i 2014, ein debut som hausta heile to nominasjonar…

    laurdag 30. okt
    20:00
    Voss idrettshall
  • «The Alehouse Sessions» med Bjarte Eike og Barokksolistene | pass el. enkeltbillett

    Barokksolistene, med Bjarte Eike i spissen, har skapt furore og hausta lovord i Skandinavia og store delar av Europa og USA med The Alehouse Sessions. Her gjenskaper dei den musikalske…

    laurdag 30. okt
    21:30
    Voss idrettshall
  • Dans med Kvarts | pass el. enkeltbillett

    Kvarts er ei av dei folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan oppstarten i 1998 har kvartetten sett djupe spor etter seg både i norsk musikkliv, på folkemusikkscena, og internasjonalt.…

    laurdag 30. okt
    23:00
    Voss idrettshall
  • Fanitullen

    Fanitullen er nok den mest kjende slåtten me har i norsk folkemusikk. Om ein spelar hardingfele, er gjerne dette den mest populære «ynskjeslåtten». Namnet tyder eigentleg «fandens trall», og segna…

    sundag 31. okt
    10:30
    Tre Brør Bar
  • Folkemusikkmesse med Kvarts

    Folkemusikkmessa under Osafestivalen har blitt ein tradisjon.  På programmet står Jo Asgeir Lie sin komposisjon «Folkemusikkmesse frå Ål», der Lie har laga ny liturgisk musikk i folkemusikkstil til den ordinære…

    sundag 31. okt
    11:00
    Vangskyrkja
  • Ragnhild Hemsing: RØTA

    Med albumet Røta (2021) viser Ragnild Hemsing endå ein gong kvifor ho er ein av landets mest spanande og dyktige musikarar. Den unge fiolinisten er musikalsk tospråkleg: Ho kombinerer den…

    sundag 31. okt
    12:00
    Osasalen
  • UNGOSA – familiekonsert

    Som avslutning på helgesamlinga for born og unge under festivalen får deltakarane syne publikumet kva dei har jobba med i løpet av helga. Hver vert det spel, song og dans…

    sundag 31. okt
    13:00
    Voss idrettshall
  • Prøv deg! Lynkurs i kveding – MERK NY TID/STAD

    Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born…

    sundag 31. okt
    13:00
    Ole Bull Akademiet
  • «Purcell’s Playground» med Bjarte Eike og Barokksolistene

    I Purcell´s Playground tolkar Bjarte Eike og Barokksolistene Henry Purcells rike katalog, mellom anna saman med solisten Mary Bevan. Konsertprosjektet har vorte framført i både Danmark, Østerrike, Tyskland, England og…

    sundag 31. okt
    14:00
    Nain
  • Marit Karlberg solo

    Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande. På repertoaret har ho alle slags viser, og ho har…

    sundag 31. okt
    15:30
    Sævelid
  • Årets Osamæle: Mari Boine i samtale med Benedicte Maurseth

    Sidan debuten for over 30 år sidan har Mari Boine vore ei sterk og  viktig stemme på den nordiske musikkscena. Ho har saman med sine medmusikarar fornya joik og den…

    sundag 31. okt
    16:30
    Voss idrettshall
  • Kim Rysstad trio

    Med ei vakker og særmerkt røyst og solid utdanning både innan klassisk song og folkemusikk har Kim Rysstad funne sitt eige uttrykk i skjeringspunktet mellom folkemusikk, pop, country og bluegrass.…

    sundag 31. okt
    18:00
    Voss idrettshall
Scroll To Top