Osafestivalen 2020
23. - 25. oktober 2020
Program
OSA i bibliotekkroken
Vi tjuvstartar Osafestivalen onsdag kveld i bibliotekkroken på Voss Kulturhus! Våre eigne talentfulle studentar og tilsette ved Ole Bull Akademiet er klare for å gje vossingar og tilreisande ei knallfin oppladning til årets festival! Gratis inngang! Avgrensa tal på plassar så kom tidleg. Konserten skjer i samarbeid med Voss bibliotek. Med: Johanna Bruun Arnesen, saksofon…
onsdag 21. okt18:00Voss Kulturhus Kjorstadbrødrende & Anders Røine
Brørne Hans og Rasmus Kjorstad frå Fron i Gudbrandsdalen er markante felespelarar i det unge folkemusikkmiljøet i Noreg, både innan tradisjonell og nyskapande folkemusikk. Saman med fantastiske Anders Røine – ein av landets desidert kulaste folkemusikarar – dannar dei ein trio som samarbeider om ein felles idé: Å spele folkemusikk på eit groovy, upolert og…
fredag 23. okt00:00Voss idrettshall Lunsjkonsert
Framtida ser og høyrest ljos ut for folkemusikken her i landet, når ein ser det tilfanget av unge talent som blømer fram frå dei ulike folkemusikkutdanningane våre. Velkomen til den tradisjonelle lunsjkonserten vår med studentar frå folkemusikkutdanningane på Ole Bull Akademiet, Norges Musikkhøgskole og Universitetet i Sørøst-Norge! Gratisbillettar Merk: På grunn av smittevernomsyn er det…
fredag 23. okt12:00Nain Opning av festivalutstillinga «Fuglerommet»
Årets festivalkunstnar er Karin Augusta Nogva! Den Ålesund-baserte kunstnaren kjem til Osafestivalen med utstillinga Fuglerommet, der ho utforskar forholdet mellom menneske og natur gjennom tresnitt på tekstil, tapet og drakter. "Eit utgangspunkt for mange av prosjekta mine er menneskets suverenitet over naturen. I Fuglerommet vil eg forsterke dei formene og fargane som finst i naturen…
fredag 23. okt17:00Voss Kulturhus Pils med Nils
Journalist og vorspielvert Nils Kvamsdal har fått med seg ein fantastisk gjeng i sofakroken fredag ettermiddag før sjølve opninga av festivalen! Her vert det musikk og gode samtalar, og du får høve til å bli betre kjend med artistane bak tonane. Med: Ruth Lillegraven, Håkon Asheim, Thomas Hylland Eriksen, Steinar Ofsdal & Annbjørg Lien fra…
fredag 23. okt17:00Voss idrettshall Thomas Hylland Eriksen opnar Osafestivalen
Thomas Hylland Eriksen er årets festivalopnar! Han har eit glødande engasjement og stor formidlingsevne, som har kome fram gjennom eit utal bøker, artiklar og debattinnlegg. Hylland Eriksen har ei sjeldan evne til å uttrykke seg poengtert, nyansert og forståeleg om kompliserte emne, og breidda i det han interesserer seg for er stor. Gjennom årets festival…
fredag 23. okt18:30Gjermund Larsen Trio
Sidan debuten med bestillingsverket Brytningstid for Telemarksfestivalen i 2006 har felespelar Gjermund Larsen, bassist Sondre Meisfjord og pianist Andreas Utnem halde saman i trioformatet. Gjennom fire album og tallause konsertar har dei verkeleg «funne tonen»: med impulsar frå klassisk- og samtidsmusikk, jazz og pop, i tillegg til folkemusikk, har trioen ein rik, vakker og spanande…
fredag 23. okt19:00Voss idrettshall Urtonen: Frankenstein
Urtone-instrumentet 2020 er langeleik! Det å spenne ei eller fleire strenger over eit stykke tre er korkje nytt eller norsk. Nokon hevdar dette prinsippet kan sporast i tekstar frå sivilisasjonens vogge i Mesopotamia i det sørlege Irak, og vidare at Pythagoras oppdaga det på nytt og skapte instrumentet monokord i det 6. hundreåret før vår…
fredag 23. okt20:30Voss idrettshall Stein Torleif Bjella med band
Stein Torleif Bjella har verkeleg treft ei nerve i den norske folkesjela. I visene hans får det jordnære, trauste og daglegdagse i livet poetisk tyngd, framført med stor formidlingsevne og vakre melodier som treff like godt både i sofakroken og i festlig lag. Med ein uimotståeleg musikalsk blanding av sørgmodig glede og romantisk hjertesorg har…
fredag 23. okt22:00Voss idrettshall Late night Nils
Journalist Nils Kvamsdal får besøk av sjølvaste Gabriel Fliflet i sofaen! Også gler vi oss til å høyre smakebitar på laurdagens Resjemheia-konsert ved Ottar Kåsa og Mattis Kleppen! «Late Night Nils» er eit samarbeid med Avisa Hordaland og vil bli streama live her: www.avisa-hordaland.no NB! Det er avgrensa tal på plassar på denne programposten alle…
fredag 23. okt23:30Voss idrettshall Bygda dansar byr opp til dans!
Dansesamling for deg over 14 år! Her får du lære ulike tradisjonelle dansar frå Hordaland, nyte god mat, møte andre danseglade ungdomar, og få instruksjon av nokon av Noregs beste folkedansarar. Kursdagar: Kurset er eit dagskurs, laurdag 24. Tidskpunkt: 11.30 Instruktørar: Ulf-Arne Johannessen og Magni Rosvold Musikarar: Alexander Røynstrand Kursstad: Osasalen, Ole Bull Akademiet Påmelding…
laurdag 24. oktTBAOsasalen PRØV DEG! LYNKURS I SELJEFLØYTESPEL
Mange har nok prøvd seg på å lage og spele seljefløyte i løpet av livet, men det er ikkje mange som meistrer kunsten like godt som Steinar Ofsdal. Om du er nysgjerrig på korleis han får så god lyd i instrumentet, hiv deg med på lynkurs og lær nokre triks frå ein av dei beste…
laurdag 24. okt11:00Ole Bull Akademiet Marionetteteater: «Den felespelande grashoppa»
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel "Mauren og grashoppa". Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande…
laurdag 24. okt11:00Vossabadet Meistertimen: Overleveringstradisjonen i folkesongen
Her tek me overleveringstradisjonen til scena! Kva betyr det «å gå i lære» hjå nokon? Kva skjer eigentleg i eit slikt personleg møte mellom studentar og ein meister som er «berar» av og formidlar av tradisjonsmusikken? Korleis foregår overlevering av folkesongen, tradisjonar og teknikk i praksis? Publikum blir tekne direkte inn i den munnlege overleveringstradisjon…
laurdag 24. okt12:00Osasalen Marionetteteater: «Den felespelande grashoppa»
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel «Mauren og grashoppa». Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande…
laurdag 24. okt13:00Vossabadet Osamæle: Annbjørg Lien
Gjennom snart 40 år som folkemusikar har Annbjørg Lien kombinert tradisjon, innovasjon og kulturell brobygging i eit mangfaldig kunstnarisk virke. Korleis var det eigentleg å vere fremadstormande kvinneleg felespelar på 80- og 90-talet? Annbjørg Lien vil også fortelje om mange av dei erfaringane ho har gjort i karriera si. Kva er samanhengen mellom dei tradisjonelle…
laurdag 24. okt13:30Voss idrettshall Ættestup og japansk gameshow
Det blir vått og hysterisk i Vossabadet under Osafestivalen! Steinar Ofsdal går av som kunstnarleg leiar, og i god nordisk tradisjon så blir det difor Ættestup frå 5-meteren. Her kan du sjølv bli med på gameshow i bassenget og vinne feite premiar, eller du kan sitte på tribuna og nyte galskapen på trygg avstand! Med…
laurdag 24. okt14:00Vossabadet Pils med Nils
Journalist og vert Nils Kvamsdal inviterer til herleg musikk og gode samtalar i sofakroken laurdagen! Gjestar i sofaen: Arve Moen Bergset, Wiebke Lüders & Håkon Asheim, Per Anders Buen Garnås, Catharina Chen, Sara Chen & Ole Christian Haagenrud. NB! Det er avgrensa tal på plassar på denne programposten alle dagar. Dette på grunn av maxgrense…
laurdag 24. okt14:30Voss idrettshall Familieførestilling: Tingingsverket Reglebein, reglebein
Kva skjer når tilsynelatande meiningløyse rim og regler blir til seriøs musikk og dans? Er det eigentleg seriøst, eller er det berre tull? Ellingar og hurrarop frå leiken i skulegarden møter nyskreven musikk og set rytme i reglebeina. Komponist Hans Martin Austestad og koreograf Silje Onstad Hålien møtast i eit univers der alt ligg til…
laurdag 24. okt15:00Voss Kulturhus Dansefilmen «Kalde Mønster»
Kalde Mønster er en episodisk novellefilm der samspillet mellom ungdommene i filmen er sentral, både som medmennesker og dansere. Nærhet, rytmikk og kraften i dansen er de sentrale elementene. Handlingen er underbygget med sitat fra eldre kilder og intervju om dans i Troms og områdene rundt. I filmen får du oppleve folkedans som har lange røtter…
laurdag 24. okt15:00Voss kino Frode Haltli solo
Trekkspel-virtuosen Frode Haltli kjem attende til Osafestivalen! Haltli tek publikum med på ei reise til Våler i Solør, der han vaks opp etter å ha flytta dit frå Trøndelag som sjuåring. Særleg opptaka av spelemannen Gustav Kåterud (1882-1941) har vore viktige for Frode. Trioen RUSK (med Unni Løvlid og Vegar Vårdal) brukte mykje musikk frå…
laurdag 24. okt16:00Voss idrettshall Marionetteteater: «Den felespelande grashoppa»
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel «Mauren og grashoppa». Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande…
laurdag 24. okt16:30Vossabadet Helga Myhr: tingingsverket «Andsyning»
Slåttemusikken inneheld uendelege mogelegheiter. Når tradisjonar møter samtid oppstår det dynamiske spenningar som gjev grobunn for spanande musikk. Verket «Andsyning» går rett inn i dette spenningsfeltet med eit meditativt og utfordrande perspektiv på slåtteformer frå Hallingdal, og med utvalde dikt skrive av Margit Lappegard (1918-2011) frå Leveld i Ål. Eit stjernelag av fem profilerte og…
laurdag 24. okt17:00Voss idrettshall Bukkene Bruse
Den populære og trendsetjande folkemusikkgruppa Bukkene Bruse gjenoppstår laurdag kveld på Osafestivalen i år! Bukkene Bruse vart skipa i 1989, av Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal. Trioen fekk raskt mykje merksemd, og representerte Noreg i utlandet ved fleire høve. Dei har vore på Kina-turné, dei var offisielle OL-musikarar under Lillehammer-OL i 1994…
laurdag 24. okt18:15Voss idrettshall Sudan Dudan
Den kritikerroste duoen Sudan Dudan blandar norsk slåttemusikk med inspirasjon fra amerikansk fjellmusikk og afrikansk ørkenblues på ein måte som har fått både platemeldarar og publikum til å trykke dei tett til brystet. Med gitar, langeleik munnharpe og tostemt vokal har dei funne sin heilt eigne, vakre og skjøre toneverd, som dei har festa til…
laurdag 24. okt19:30Voss idrettshall Mat, musikk og vin: Catharina Chen, Sara Chen & Ole Christian Haagenrud
Årets kokk er Hans Petter Klemmetsen! Klemmetsen er rockekokken og mannen bak Smag & Behag. For snart 10 år sidan starta han restauranten i Storgaten i Grimstad, etter ei lang kokkekarriere på mellom anna Helmershus Hotell, Finnegaardsstuene i Bergen, og Apotekergården i Grimstad som han var med og etablere allereie som 23 åring. Sidan oppstarten…
laurdag 24. okt20:00Park Hotel Anders Hana & Morten Joh: NAALJOS LJOM
Anders Hana og Morten Joh, duoen bak MoHa!, presenterer sitt nye prosjekt Naaljos Ljom på Osafestivalen. Dei har etter mange år i separate prosjekt funne saman att, drivne fram av ei ny felles musikalsk og konseptuell interesse i reinstemming og norsk folkemusikk. I ånda til Eivind Groven og Erik Eggen har synth, gitar og langeleik…
laurdag 24. okt20:30Voss idrettshall Late night Nils
Linda Eide møter Steinar Ofsdal til fløyteduell. Dette vil du ikkje gå glipp av! Kvedarane Eli Stobekken (Spellstenen) og Berit Opheim (Meistertimen) kjem også og i tillegg til Reglebein-gjengen Nina Fjeldet, Silje Onstad Hålien og Hans Martin Austestad! Og så blir det nok ei overrasking eller to! Det er avgrensa tal på plassar på denne…
laurdag 24. okt21:30Voss idrettshall Resjemheia
Tingingsverket til Telemarkfestivalen 2015 blei skrive av bassisten Mattis Kleppen. Denne tinginga kom som følgje av at han to år tidligare hadde gitt ut albumet ”Mattis Kleppen & Resjemheia”, med slåttemusikk frå Telemark og bluesmusikk frå Vest-Afrika og Mississippi. Dette albumet – som var nominert til folkelarmpris - bestod av songaren Ingrid Helene Håvik og…
laurdag 24. okt22:30Voss idrettshall Tuvas blodklubb
Tuvas Blodklubb vert servert på Rikscena ein gong i månaden og tek nok turen over fjellet til Voss! Me snakkar her om Noregs, truleg Nordens, ja kanskje til og med verdas første reinspikka folkemusikknattklubb! Det er sjølvsagt Tuva Syvertsen, kjend som frontfigur i Valkyrien Allstars, som er vertinne for moroa – og moro skal det…
laurdag 24. okt23:30Voss idrettshall Spellstenen – musikk for alle generasjonar
Morosame og underfundige songar og regler om dyr og menneske, lokkar og trallar! Instrumenta er trekkspel, munnharpe og kontrabass - og rytmer på stein og tre! Eli Storbekken og Sigurd Hole har samarbeidd om ei ny plateinnspeling som er retta mot både barn, unge og vaksne - ei familieplate med folkemusikk frå det tidlegare fylket Hedmark. Eli…
sundag 25. okt12:00Osasalen Prøve deg! Lynkurs i kveding
Skulle du ynskje du var like god å kveda som Berit Opheim? No har du sjansen til å læra den edle kunsten frå meisteren sjølv. Ta med stemma og noko å skriva på og med. Påmelding Ingen påmelding - bare møte opp i Voss idrettshall (ned trappa frå foajéen) Avgrensa tal på plassar Førstemann til…
sundag 25. okt13:30Marionetteteater: «Den felespelande grashoppa»
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel «Mauren og grashoppa». Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande…
sundag 25. okt13:30Vossabadet Frode Haltli Avant Folk kvintett
Med klassisk gamaldansbesetning møter me Frode Haltli Avant Folk i ein heilt ny tapning under årets festival! Men skikkeleg gamaldans vert det nok lite av. Under Vossa Jazz 2019 spelte Avant Folk med ti musikarar i Gamlekinoen, og konserten vart utropt til helgas høgdepunkt av Joseph Woodard i All About Jazz, og fekk treffande lovord…
sundag 25. okt14:30Voss idrettshall Marionetteteater: «Den felespelande grashoppa»
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel «Mauren og grashoppa». Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande…
sundag 25. okt14:30Vossabadet Catharina Chen, Ole Christian Haagenrud & Sara Chen
Vi gler oss stort over at trioen Catharina Chen, Ole Christian Haagenrud & Sara Chen kjem til årets festival! Gjennom komposisjoner av blant andre Grieg, Prokofiev, Shostakovich og Madsen søker den framifrå fiolin/piano-trioen å formidle den menneskelege tilværa og kjensler som glede, sorg, undring og indre ro. Dette vert ei annleis konsertoppleving, med bildeskapande og…
sundag 25. okt15:00Nain Utdeling av AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele Bakgrunnen for oppretting av minneprisen har vore eit ønske om å oppmuntra unge utøvarar på hardingfele og slik minnast Audhild. Audhild var aktiv utøvar på hardingfele, og ho dansa folkedans. Som lita jente vart ho med i barneleikarring, og i ung alder byrja ho å…
sundag 25. okt15:20Voss idrettshall Steinar Rygg: spelemannen Leif Rygg i ord og tonar
Ei forteljing i ord og tonar om spelemannen Leif Rygg sin entusiasme for folkemusikken i kombinasjon med eit aktivt yrkesliv som «landmålar» til utøvande folkemusikar. Her kjem bilde frå barndomsåra, familie- og arbeidslivet, organisatoren, pådrivaren, og utøvaren, samt slåttar han utøvde. – Steinar, no må du koma her! Me ska’ ne’ pao Flescher! Far kjem…
sundag 25. okt15:30Voss idrettshall Tuva Syvertsen // Per Anders Buen Garnås // Alexander Aga Røynstrand
Tre av landets aller flottaste felespelarar inntek scena sundagen under årets Osafestival – Tuva Syvertsen, Per Anders Buen Garnås og Alexander Aga Røynstrand! Tuva treng knappast nokon introduksjon: Som framifrå og knalltøff felespelar, vokalist og frontfigur i Valkyrien Allstars har ho vore ei svært viktig drivkraft i revitaliseringa og utviklinga av norsk folkemusikk etter årtusenskiftet.…
sundag 25. okt16:30Voss idrettshall Dansefilmen «Kalde Mønster»
Kalde Mønster er en episodisk novellefilm der samspillet mellom ungdommene i filmen er sentral, både som medmennesker og dansere. Nærhet, rytmikk og kraften i dansen er de sentrale elementene. Handlingen er underbygget med sitat fra eldre kilder og intervju om dans i Troms og områdene rundt. I filmen får du oppleve folkedans som har lange røtter…
sundag 25. okt17:00Voss kino Steinar Ofsdal: Frå seljefløyte til bansuri – 50 år med fløytekunst
Steinar Ofsdal har gjort ein formidabel jobb som kunstnarisk leiar for Osafestivalen sidan 2004, og i år vert det siste året hans i denne stillinga. Den entusiastiske folkemusikkprofessoren og fløytemeisteren tek med seg eit knippe fløyter frå den rikhaldige samlinga si (som visstnok tel rundt 350 instrument!). Med seg på scena har han Espen Wensaas…
sundag 25. okt17:30Voss idrettshall