Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Gjermund Larsen Trio

23. oktober 2020 kl 19:00 - 20:00

Sidan debuten med bestillingsverket Brytningstid for Telemarksfestivalen i 2006 har felespelar Gjermund Larsen, bassist Sondre Meisfjord og pianist Andreas Utnem halde saman i trioformatet. Gjennom fire album og tallause konsertar har dei verkeleg «funne tonen»: med impulsar frå klassisk- og samtidsmusikk, jazz og pop, i tillegg til folkemusikk, har trioen ein rik, vakker og spanande klangverd å boltre seg i, som blant anna har vorte heidra med to Spellemann-prisar.

På det førre albumet til gruppa – det Spellemann-prisvinnande Salmeklang frå 2016 – henta Larsen inspirasjon frå dei tette banda mellom folketonar og salmesong, og utvida trioformatet med den svenske folkemusikkgruppa Nordic på B-sida av plata. No er det etter alt å døme ny musikk i emning for trioen – det vert svært spanande å høyre kva musikalsk landskap Larsen, Meisfjord og Utnem beveger seg i denne gongen.

Gjermund Larsen – fele
Sondre Meisfjord – bass
Andreas Utnem – tangentar

Foto: Ingvil Skeie Ljones

 

Detaljar:

Dato
23. oktober 2020
Tid:
19:00 - 20:00
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss idrettshall