Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Anders Hana & Morten Joh: NAALJOS LJOM

24. oktober 2020 kl 20:30

Anders Hana og Morten Joh, duoen bak MoHa!, presenterer sitt nye prosjekt Naaljos Ljom på Osafestivalen. Dei har etter mange år i separate prosjekt funne saman att, drivne fram av ei ny felles musikalsk og konseptuell interesse i reinstemming og norsk folkemusikk. I ånda til Eivind Groven og Erik Eggen har synth, gitar og langeleik blitt modifisert til å kunne produsere tonar frå den norske tradisjonsmusikken.

«I «Syn og Segn» 1921, s 196 opplyser dosent Olav Midtun, at «på langeleikstemna i Valdres i fjor haust kunde ein på langeleikane tydeleg sjå merke etter at toneknottane hadde stade annleis og gjeve ein annan skala. Dei fleste leikarane kunde og minnast at langeleiken var «nota upp at» av ein lærar etter orgel, so dei no gav den vanlege skalaen og den vanlege samklangen. Ingen av spelarane kunde minnast den gamle klangen eller tonane.»

Erik Eggen med si avhandling «Skalastudier: studier over skalaens genesis på Norrønt område» frå 1923 og Eivind Groven med avhandlinga «Naturskalaen» frå 1927 dannar utgangspunktet for arkeologiske utgravingar i den gamle tonaliteten, og gjennom studier og analyse av arkivopptak har Naaljos Ljom laga sine eigne tolkingar av slåttemusikken. Det skal nemnast at Morten og Anders ikkje har bakgrunn som tradisjonsmusikarar, og tilnærminga skjer såleis gjennom tidlegare musikalske erfaringar innan eksperimentell musikk, heavy metal musique concrete, techno og støyrock.

I 2019 presenterte dei sitt første kollektivt komponerte verk, «Lur og dekor – i kvardag og dommedag» for reinstemt orkester på Only Connect festivalen i Stavanger. Verket blei framført av Stavanger Symfoniorkester med Morten og Anders som solistar. Opptaket av stykket, med  Ilan Volkov som dirigent, blei sendt både i NRKs folkemusikktimen og i BBC radio.

Anders Hana – reinstemt gitar, langeleik og munnharpe
Morten Joh – reinstemt synth og trautonium
Gjesteartistar: Steinar Ofsdal & Kenneth Lien

 

Foto: Fredrik S. Hana

Detaljar:

Dato
24. oktober 2020
Tid:
20:30
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss idrettshall