Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Urtonen: Frankenstein

23. oktober 2020 kl 20:30

Urtone-instrumentet 2020 er langeleik! Det å spenne ei eller fleire strenger over eit stykke tre er korkje nytt eller norsk. Nokon hevdar dette prinsippet kan sporast i tekstar frå sivilisasjonens vogge i Mesopotamia i det sørlege Irak, og vidare at Pythagoras oppdaga det på nytt og skapte instrumentet monokord i det 6. hundreåret før vår tidsrekning. Trass i alder og opphav har dette prinsippet produsert ei lang rad instrument verda over, inkludert eitt i Noreg, nemleg langeleik.

Langeleiken spreidde seg raskt, men korleis stemte ein dei første langeleikane, til dømes på Voss? Eit konvensjonelt fysisk mål å legge opp tonene etter fanst ikkje. Kyrkjeorgel, salmodikon og trekkspel kom til bygdene først på 1800-talet. Langeleikmakaren måtte dermed bruke seg sjølv og øyrer som ikkje hadde kjennskap til den tempererte skala, lansert i barokken og som all musikk vi høyrer på i dag er fundert på. Folk hadde derimot andre musikalske referansar som stakk djupt ned i bygdekulturen og historia, forma og formidla av instrument, musikk og hendingar som for lenge sidan er forlatne eller gløymde. Visst er langeleikteknologien UR, men det er først om ein kunne nærme seg tonerekka og speleteknikken, sjølve soundet som dei første langeleikmakarane og langeleikspelarane retta seg etter, at urtonen vil strøyme opp frå djupet. Ei heilt umogleg oppgåve for 2020 hovuder sjølvsagt, men det er jamvel det denne konserten skal dreie seg om.

 

Med:
Anders Røine
Rasmus Kjorstad
Anders Hana
Kenneth Lien

 

 

 

Detaljar:

Dato
23. oktober 2020
Tid:
20:30
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss idrettshall