Lastar Hendingar

Frode Haltli solo

21300685991_1563511e48_o
lau 24. okt 2020
16:00

Voss idrettshall

Trekkspel-virtuosen Frode Haltli kjem attende til Osafestivalen!

Haltli tek publikum med på ei reise til Våler i Solør, der han vaks opp etter å ha flytta dit frå Trøndelag som sjuåring. Særleg opptaka av spelemannen Gustav Kåterud (1882-1941) har vore viktige for Frode. Trioen RUSK (med Unni Løvlid og Vegar Vårdal) brukte mykje musikk frå repertoaret hans på to plater utgitt i 2002 og 2006, og Kåterud var og ei stor kjelde til inspirasjon på ECM-plata «Passing Images» i 2007. Sidan den gong har folkemusikken vore ein viktig ingrediens i mange av prosjekta til Haltli, som bl.a. bestillingsverket Grenseskogen til Osafestivalen i 2015 (som no kan høyrast på plata Border Woods, Hubro 2019).

Men no vert det folkemusikk i si reinaste form frå trekkspelaren: Polsdansar, reinlendarar, valsar, visetoner og meir frå Solør og Finnskogen!

Foto: Antonio Armentano