Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Spellstenen – musikk for alle generasjonar

25. oktober kl 12:00

Morosame og underfundige songar og regler om dyr og menneske, lokkar og trallar! Instrumenta er trekkspel, munnharpe og kontrabass – og rytmer på stein og tre!

Eli Storbekken og Sigurd Hole har samarbeidd om ei ny plateinnspeling som er retta mot både barn, unge og vaksne – ei familieplate med folkemusikk frå det tidlegare fylket Hedmark. Eli har samla inn bånsullar, regler, viser og stubbar, medan Sigurd har arrangert musikken for ein heilt ny trio med Terje Isungset og Frode Haltli.

Sigurd og Eli har laga nykomponerte melodiar til dikt av forfattarane Bjørn Øyan og Martin Vestlien.

Dette er musikk for alle generasjonar. Ta med bestemor eller barnebarnet og få ei både morosam og rørande musikalsk oppleving rundt Spellstenen.

Eli Storbekken, sang
Ellen Brekken, kontrabass
Frode Haltli, trekkspill
Terje Isungset, munnharpe, perkusjon

Detaljar:

Dato
25. oktober
Tid:
12:00
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart