Utdeling av AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele
Bakgrunnen for oppretting av minneprisen har vore eit ønske om å oppmuntra unge utøvarar på hardingfele og slik minnast Audhild. Audhild var aktiv utøvar på hardingfele, og ho dansa folkedans. Som lita jente vart ho med i barneleikarring, og i ung alder byrja ho å spele hardingfele. Audhild vaks opp på Landås i Bergen. Ho omkom i ei trafikkulykke i Bergen sentrum 19. mars 2004, ho vart berre 17 år gammal. Audhild hadde mange vener i folkemusikkmiljøet, og slik sett vil ein minnepris utdelt til andre unge kjennast rett.
Starten på minneprisen er knytt opp mot ”Ein sjeldan blome”, minnekonserten i Gimle, Bergen, 10. mars 2006.
Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som tilsvarer C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.
Prisen har så langt vore delt ut årleg, på Vestlandskappleiken, første gong i 2007.
Prisen blir støtta av Sparebanken Vest.
Diplomet til prisen er laga av Inga Hilde Breivik
Tidlegare prisvinnarar:
2007 Alexander Aga Røynstrand, Granvin
2008 Erlend Apneseth, Jølster
2009 Maria Skjeldrum Toppe, Bergen
2010 Ingeborg Hollekim Bringslid, Bergen
2011 Mathilde Skjæret, Jostedal
2012 Nikolai Storevik, Stryn
2013 Marta Lindvik, Ulvik
2014 Kine Svori, Jostedal
2015 Kårhild Husby Nordstad, Bergen
2016 Kjersti Kindingstad Vågen, Kvam
2017 Jonas Laupsa, Granvin
2018 Åsmund Arnesen Farstad, Volda
2019 Tori Helgheim Grung, Bergen
Styret: Arne Anderdal, Eva Marie Toppe, Sigrid Moldestad, Solgunn Flaktveit.