Catharina Chen, Ole Christian Haagenrud & Sara Chen
Vi gler oss stort over at trioen Catharina Chen, Ole Christian Haagenrud & Sara Chen kjem til årets festival! Gjennom komposisjoner av blant andre Grieg, Prokofiev, Shostakovich og Madsen søker den framifrå fiolin/piano-trioen å formidle den menneskelege tilværa og kjensler som glede, sorg, undring og indre ro. Dette vert ei annleis konsertoppleving, med bildeskapande og fantasieggande musikk, som gir publikum sjølve rom til å skape sine eigne historier i møte med musikken.
Året 2020 har vist at vi menneske har stort behov for nærleik og mellommenneskeleg kontakt. Med dette i tankene er ein konsert med denne trioen eit glitrande høve til å utforske og kjenne på dei menneskelege relasjonane gjennom musikk.
Catharina Chen – fiolin
Ole Christian Haagenrud – piano
Sara Chen – fiolin
Hallgeir Frydenlund – konsertregi
Fyrespel: Håkon Asheim