Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Frode Haltli Avant Folk kvintett

25. oktober 2020 kl 14:30

Med klassisk gamaldansbesetning møter me Frode Haltli Avant Folk i ein heilt ny tapning under årets festival! Men skikkeleg gamaldans vert det nok lite av.

Under Vossa Jazz 2019 spelte Avant Folk med ti musikarar i Gamlekinoen, og konserten vart utropt til helgas høgdepunkt av Joseph Woodard i All About Jazz, og fekk treffande lovord frå Engelstad i BT: «Sjangeroverskridende og nyskapende, men likevel med bena solid plantet på jorden. Tradisjonsmusikk og nye klanger i skjønn forening. Eminent samspill med virtuose detaljer. Og ikke kjedelig et eneste sted.»

No får me høyre Avant Folk som kvintett, med to unike felespelarar og trekkspel i sentrum, og med eit komp beståande av to av landets mest spanande unge musikarar innanfor jazz og verdsmusikk. Eit intimt møte med nyskapande folkemusikarar!

Erlend Apneseth – hardingfele
Hans P. Kjorstad– fele
Frode Haltli– akkordeon
Oddrun Lilja Jonsdottir – gitar og vokal
Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass

Foto: Knut Utler

Detaljar:

Dato
25. oktober 2020
Tid:
14:30
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss idrettshall