Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Pils med Nils

23. oktober 2020 kl 17:00

Journalist og vorspielvert Nils Kvamsdal har fått med seg ein fantastisk gjeng i sofakroken fredag ettermiddag før sjølve opninga av festivalen! Her vert det musikk og gode samtalar, og du får høve til å bli betre kjend med artistane bak tonane.  Med: Ruth Lillegraven, Håkon Asheim, Thomas Hylland Eriksen, Steinar Ofsdal & Annbjørg Lien fra Bukkene Bruse, Helga Myhr og Stein Torleif Bjella.

«Pils med Nils» er eit samarbeid med Avisa Hordaland og vil bli streama live her: www.avisa-hordaland.no

NB! Det er avgrensa tal på plassar på denne programposten alle dagar. Dette på grunn av maxgrense på antal publikummarar. Førstemann til mølla-prinsippet gjeld! Kom tidleg for å sikre deg plass! Dørene opnar 16.30.

Foto: Ingerid Jordal

 

Detaljar:

Dato
23. oktober 2020
Tid:
17:00
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss idrettshall