Lastar Hendingar

Bukkene Bruse

BukkeneBruse_7
lau 24. okt 2020
18:15

Voss idrettshall

Den populære og trendsetjande folkemusikkgruppa Bukkene Bruse gjenoppstår laurdag kveld på Osafestivalen i år!

Bukkene Bruse vart skipa i 1989, av Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal. Trioen fekk raskt mykje merksemd, og representerte Noreg i utlandet ved fleire høve. Dei har vore på Kina-turné, dei var offisielle OL-musikarar under Lillehammer-OL i 1994 og dei reiste rundt med Dronning Sonja sin Vinterutstilling til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München. Dei var ofte framme i media, gav ut fem album, og dei har motteke både Spellemann-pris og Prøysen-pris for musikken sin. Bjørn Ole Rasch kom med i gruppa i 1996.

Til Osafestivalen 2020 gjenoppstår gruppa i det originale trioformatet. Dette vert fyrste gong på 14 år at det kjem ferske toner fra gruppa, og mange gler seg nok spesielt til å høyre Arve Moen Bergset si særeigne stemme igjen. Den unge gutestemma hans vart landskjend, og då han havna i stemmeskiftet var det ein nyhet i Dagsrevyen! Annbjørg Lien var også legendarisk allereie som ungdom, som drivande dyktig felespelar og eit førebilete for unge jenter og gutar i folkemusikken. Steinar Ofsdal var allereie ein godt etablert artist då gruppa vart danna, med ei lang rekke plateinnspelingar bak seg, og som programleiar i NRK.

Me gler oss stort til å høyre denne legendariske trioen på Osafestivalen i haust!

Annbjørg Lien– hardingfele, nyckelharpa
Arve Moen Bergset– kveding, fele, hardingfele
Steinar Ofsdal – fløyter

Foto: Morten Krogvold