Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Kjorstadbrødrende & Anders Røine

23. oktober 2020 kl 0:00 - 1:30

Brørne Hans og Rasmus Kjorstad frå Fron i Gudbrandsdalen er markante felespelarar i det unge folkemusikkmiljøet i Noreg, både innan tradisjonell og nyskapande folkemusikk. Saman med fantastiske Anders Røine – ein av landets desidert kulaste folkemusikarar – dannar dei ein trio som samarbeider om ein felles idé: Å spele folkemusikk på eit groovy, upolert og vidunderleg vis!

Som trio har dei berre spelt ein konsert tidlegare, men samarbeidet går likevel attende til 2016, då Røine produserte Kjorstad-brørne si fyrste plate Pusinshi Ulla. Like etter starta dei kvartetten Reolô med Hans

Hulbækmo, som resulterte i den strålande plata Andre Sida (2019). No er Kjorstad-brørne igjen aktuelle med ny plate, og det vert spanande å høyre kva låtmateriale dei presenterer saman med Røine denne kvelden!

Hans Kjorstad
Rasmus Kjorstad
Anders Røine

 

Detaljar:

Dato
23. oktober 2020
Tid:
0:00 - 1:30
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss idrettshall