Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Helga Myhr: tingingsverket «Andsyning»

24. oktober 2020 kl 17:00

Slåttemusikken inneheld uendelege mogelegheiter. Når tradisjonar møter samtid oppstår det dynamiske spenningar som gjev grobunn for spanande musikk. Verket «Andsyning» går rett inn i dette spenningsfeltet med eit meditativt og utfordrande perspektiv på slåtteformer frå Hallingdal, og med utvalde dikt skrive av Margit Lappegard (1918-2011) frå Leveld i Ål.  Eit stjernelag av fem profilerte og spanande musikarar, leidd av komponist Helga Myhr (Morgonrode, Kvedarkvintetten), skal framføre det nyskrive verket Andsyning på årets Osafestival.

Ordet kan bety å sjå noko frå motsatt horisont – akkurat det desse musikarane skal gjere i møte med komposisjonane til Myhr.

Helga Myhr – hardingfele, vokal
Michaela Antalovà – perkusjon, seljefløyte
Malin Alander – vokal
Adrian Myhr – kontrabass
Rasmus Kjorstad – fele, oktavfele, langeleik

Foto: Johannes Selvaag

Tingingsverket er støtta av Norsk Kulturråd og Furestiftelsen

Detaljar:

Dato
24. oktober 2020
Tid:
17:00
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss idrettshall