Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Resjemheia

24. oktober 2020 kl 22:30

Tingingsverket til Telemarkfestivalen 2015 blei skrive av bassisten Mattis Kleppen. Denne tinginga kom som følgje av at han to år tidligare hadde gitt ut albumet ”Mattis Kleppen & Resjemheia”, med slåttemusikk frå Telemark og bluesmusikk frå Vest-Afrika og Mississippi. Dette albumet – som var nominert til folkelarmpris – bestod av songaren Ingrid Helene Håvik og trommeslagar Kenneth Kapstad i tillegg til Kleppen.

For uinnvigde er Resjemheia navnet på vegen frå folkemusikkbygda Bø til bluesbyen Notodden – dei to stadene som har vore viktigast som premissleverandørar og inspirasjon for musikken til bandet.

I 2016 kom albumet ”El Bokko” med musikken frå tingingsverket i 2015. Bandet var då utvida med hardingfelespelaren Ottar Kåsa og tubaist Kristoffer Lo, i tillegg til Kapstad og Kleppen. Året etter gav Kleppen ut noko så sjeldsynt som eit heilt album med solo bassgitar. Dette var også i «Resjemheia-stilen» med slåttemusikk frå Telemark i følgje med blues frå Vest-Afrika og Mississippi. Albumet vann Folkelarmprisen i 2018.

Siste skot på albumstammen til Resjemheia er ”Bullinn” som kom i 2018. Dette albumet har endå fleire slåttar frå Telemark, samt originalmusikk av Ottar Kåsa og Mattis Kleppen. Tittelen er hentet frå den smått legendariske lokale puben i Bø: Bullinn.

Med:
Ottar Kåsa – Hardingfele
Kenneth Kapstad – Trommer
Mattis Kleppen – Bassgitar

Foto: Knut Utler

Detaljar:

Dato
24. oktober 2020
Tid:
22:30
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss idrettshall