Osamæle: Annbjørg Lien
Gjennom snart 40 år som folkemusikar har Annbjørg Lien kombinert tradisjon, innovasjon og kulturell brobygging i eit mangfaldig kunstnarisk virke. Korleis var det eigentleg å vere fremadstormande kvinneleg felespelar på 80- og 90-talet?
Annbjørg Lien vil også fortelje om mange av dei erfaringane ho har gjort i karriera si. Kva er samanhengen mellom dei tradisjonelle hardingfeleslåttane ho har lært av Hauk Buen, den rytmiske opplevinga av å spele til dans med Aage Sogns Gammeldansorkester og Dalakopa og arbeidet nye komposisjonar i moderne folkemusikalske lydbilete, som ho har vist på ni soloalbum og som medlem av den internasjonale verdsmusikkgruppa String Sisters?
Annbjørg Lien har nettopp fullført ein doktorgrad ved Universitetet i Agder, der ho undersøker hardingfeleslåttaer, og korleis stiltrekk frå hardingfela kan brukast som verktøy for å komponera musikk.
Med seg på scena har ho Benedicte Maurseth som samtalepartnar.
Programposten er støtta av Fritt Ord og NOPA
Foto: Ronnie Larsen Photography