Sudan Dudan
Den kritikerroste duoen Sudan Dudan blandar norsk slåttemusikk med inspirasjon fra amerikansk fjellmusikk og afrikansk ørkenblues på ein måte som har fått både platemeldarar og publikum til å trykke dei tett til brystet. Med gitar, langeleik munnharpe og tostemt vokal har dei funne sin heilt eigne, vakre og skjøre toneverd, som dei har festa til platerillene ved tre høve og framført frå konsertscener over heile landet. Med den Folkelarmpris-vinnande sisteplata Heimen der ute (2018) gjekk duoen tilbake til røtene, og spelte inn musikken i ei fjellkyrkje i Telemark.
Marit Karlberg – vokal, langeleik
Anders Erik Røine – vokal, gitar, munnharpe
Foto: Anne Marte Før