Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Familieførestilling: Tingingsverket Reglebein, reglebein

24. oktober 2020 kl 15:00

Kva skjer når tilsynelatande meiningløyse rim og regler blir til seriøs musikk og dans? Er det eigentleg seriøst, eller er det berre tull?

Ellingar og hurrarop frå leiken i skulegarden møter nyskreven musikk og set rytme i reglebeina. Komponist Hans Martin Austestad og koreograf Silje Onstad Hålien møtast i eit univers der alt ligg til rette for tungekrøll og spretne harmoniar. Leik og tull, alvor og fjas går hand i hand, akkurat slik vi kjenner det frå sjølve livet.

Komponist – Hans Martin Austestad
Koreograf – Silje Onstad Hålien
Regissør, koreografi assistanse/regi assistanse/ytre øye – Belinda Braza
Produsentleiing – Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet

Medverkande:
Hans Martin Austestad
Nina Fjeldet
Irene Tillung
Sondre Meisfjord
Knut Ålefjær
Silje Onstad Hålien
Silje Risdal Liahagen
Jon Bugge Mariussen
Tuva Færden

Produksjonen er støtta av Norsk kulturråd, FFuk og Vestland fylkeskommune. Urpremieren på Voss er støtta av Voss Sparebank. Tusen takk til alle saman som har gjort denne framsyninga mogleg

Før førestillinga: Premiere på «Lyden av Voss»

Detaljar:

Dato
24. oktober 2020
Tid:
15:00
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss Kulturhus
Evangervegen 6
Voss, 5704 Norway
+ Google-kart