Lastar Hendingar

Stein Torleif Bjella med band

bjella
fre 23. okt 2020
22:00

Voss idrettshall

Stein Torleif Bjella har verkeleg treft ei nerve i den norske folkesjela. I visene hans får det jordnære, trauste og daglegdagse i livet poetisk tyngd, framført med stor formidlingsevne og vakre melodier som treff like godt både i sofakroken og i festlig lag. Med ein uimotståeleg musikalsk blanding av sørgmodig glede og romantisk hjertesorg har Bjella vorte ein av landets aller kjæraste og viktigaste visekunstnarar. 

Våren 2020 kom Bjella sitt sjette soloalbum, Øvre-Ål Toneakademi. Plata er produsert av Dum Dum Boys-gitarist Kjartan Kristiansen, og er kanskje Bjella si mest rocka, varierte og fengande hittil, med strålande kritikker i dagspressa. Det er berre til å ble seg til eit dykk ned i det vakre låtuniverset til Bjella fredagskvelden under årets festival!

Stein Torleif Bjella
Geir Sundstøl, diverse strengeinstrument
Eirik Øien, bass
Kenneth Kapstad, trommer
Christer Knutsen, keyboard & gitar
Gjesteartist: Jo Asgeir Lie

 

Foto: Therese Wangberg