Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Thomas Hylland Eriksen opnar Osafestivalen

23. oktober kl 18:30

Thomas Hylland Eriksen er årets festivalopnar! Han har eit glødande engasjement og stor formidlingsevne, som har kome fram gjennom eit utal bøker, artiklar og debattinnlegg. Hylland Eriksen har ei sjeldan evne til å uttrykke seg poengtert, nyansert og forståeleg om kompliserte emne, og breidda i det han interesserer seg for er stor. Gjennom årets festival tek vi eit steg vidare i å utforske det nye som kjem fram i møtet mellom tradisjon og samtid. Vi vil tru at ein antropolog som Thomas Hylland Eriksen er særleg kjenslevar for den dynamikken som utspelar seg på Voss i oktober.

 

Detaljar:

Dato
23. oktober
Tid:
18:30