Marionetteteater: «Den felespelande grashoppa»
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel «Mauren og grashoppa».
Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande grashoppa som spelar på hardingfela si heile dagen, men gløymer å bygge seg eit hus og samla mat til vinteren. Når vinteren kjem, går ho frysande rundt i snøen. Kven vil ta imot den stakkars grashoppa?
Scene:
Teateret blir vist i 2. etg. i Vossabadet
Billettar:
100,-
Førestillinga inngår ikkje i festivalpass/dagspass for Osafestivalen.
Kun 20 plassar pr. framsyning – her er det lurt å tinge billettar tidleg!
Billettar kan tingast hjå:
Wiebke Lüders
tlf. 40094396
wiebke.luders@gmail.com
Med:
Einar Mjølsnes (forteljar)
Lukas Pawelka (hardingfele)
Wiebke Lüders (marionettespelar)
Kristina Hjetland (marionettspelar)
©Lizensiert durch Janosch film & medien AG, Berlin