Hendingar
Kalender for Hendingar
|
måndag
|
tysdag
|
onsdag
|
torsdag
|
fredag
|
laurdag
|
sundag
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
1 hending,
Vi tjuvstartar Osafestivalen onsdag kveld i bibliotekkroken på Voss Kulturhus! Våre eigne talentfulle studentar og tilsette ved Ole Bull Akademiet er klare for å gje vossingar og tilreisande ei knallfin oppladning til årets festival! Gratis inngang! Avgrensa tal på plassar så kom tidleg. Konserten skjer i samarbeid med Voss bibliotek. Med: Johanna Bruun Arnesen, saksofon… |
1 hending,
-
Brørne Hans og Rasmus Kjorstad frå Fron i Gudbrandsdalen er markante felespelarar i det unge folkemusikkmiljøet i Noreg, både innan tradisjonell og nyskapande folkemusikk. Saman med fantastiske Anders Røine – ein av landets desidert kulaste folkemusikarar – dannar dei ein trio som samarbeider om ein felles idé: Å spele folkemusikk på eit groovy, upolert og… |
9 hendingar,
-
Framtida ser og høyrest ljos ut for folkemusikken her i landet, når ein ser det tilfanget av unge talent som blømer fram frå dei ulike folkemusikkutdanningane våre. Velkomen til den tradisjonelle lunsjkonserten vår med studentar frå folkemusikkutdanningane på Ole Bull Akademiet, Norges Musikkhøgskole og Universitetet i Sørøst-Norge! Gratisbillettar Merk: På grunn av smittevernomsyn er det…
Årets festivalkunstnar er Karin Augusta Nogva! Den Ålesund-baserte kunstnaren kjem til Osafestivalen med utstillinga Fuglerommet, der ho utforskar forholdet mellom menneske og natur gjennom tresnitt på tekstil, tapet og drakter. "Eit utgangspunkt for mange av prosjekta mine er menneskets suverenitet over naturen. I Fuglerommet vil eg forsterke dei formene og fargane som finst i naturen…
Journalist og vorspielvert Nils Kvamsdal har fått med seg ein fantastisk gjeng i sofakroken fredag ettermiddag før sjølve opninga av festivalen! Her vert det musikk og gode samtalar, og du får høve til å bli betre kjend med artistane bak tonane. Med: Ruth Lillegraven, Håkon Asheim, Thomas Hylland Eriksen, Steinar Ofsdal & Annbjørg Lien fra…
Thomas Hylland Eriksen er årets festivalopnar! Han har eit glødande engasjement og stor formidlingsevne, som har kome fram gjennom eit utal bøker, artiklar og debattinnlegg. Hylland Eriksen har ei sjeldan evne til å uttrykke seg poengtert, nyansert og forståeleg om kompliserte emne, og breidda i det han interesserer seg for er stor. Gjennom årets festival…
-
Sidan debuten med bestillingsverket Brytningstid for Telemarksfestivalen i 2006 har felespelar Gjermund Larsen, bassist Sondre Meisfjord og pianist Andreas Utnem halde saman i trioformatet. Gjennom fire album og tallause konsertar har dei verkeleg «funne tonen»: med impulsar frå klassisk- og samtidsmusikk, jazz og pop, i tillegg til folkemusikk, har trioen ein rik, vakker og spanande…
Urtone-instrumentet 2020 er langeleik! Det å spenne ei eller fleire strenger over eit stykke tre er korkje nytt eller norsk. Nokon hevdar dette prinsippet kan sporast i tekstar frå sivilisasjonens vogge i Mesopotamia i det sørlege Irak, og vidare at Pythagoras oppdaga det på nytt og skapte instrumentet monokord i det 6. hundreåret før vår…
Stein Torleif Bjella har verkeleg treft ei nerve i den norske folkesjela. I visene hans får det jordnære, trauste og daglegdagse i livet poetisk tyngd, framført med stor formidlingsevne og vakre melodier som treff like godt både i sofakroken og i festlig lag. Med ein uimotståeleg musikalsk blanding av sørgmodig glede og romantisk hjertesorg har…
Journalist Nils Kvamsdal får besøk av sjølvaste Gabriel Fliflet i sofaen! Også gler vi oss til å høyre smakebitar på laurdagens Resjemheia-konsert ved Ottar Kåsa og Mattis Kleppen! «Late Night Nils» er eit samarbeid med Avisa Hordaland og vil bli streama live her: www.avisa-hordaland.no NB! Det er avgrensa tal på plassar på denne programposten alle… |
20 hendingar,
Dansesamling for deg over 14 år! Her får du lære ulike tradisjonelle dansar frå Hordaland, nyte god mat, møte andre danseglade ungdomar, og få instruksjon av nokon av Noregs beste folkedansarar. Kursdagar: Kurset er eit dagskurs, laurdag 24. Tidskpunkt: 11.30 Instruktørar: Ulf-Arne Johannessen og Magni Rosvold Musikarar: Alexander Røynstrand Kursstad: Osasalen, Ole Bull Akademiet Påmelding…
Mange har nok prøvd seg på å lage og spele seljefløyte i løpet av livet, men det er ikkje mange som meistrer kunsten like godt som Steinar Ofsdal. Om du er nysgjerrig på korleis han får så god lyd i instrumentet, hiv deg med på lynkurs og lær nokre triks frå ein av dei beste…
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel "Mauren og grashoppa". Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande…
kr 100
Her tek me overleveringstradisjonen til scena! Kva betyr det «å gå i lære» hjå nokon? Kva skjer eigentleg i eit slikt personleg møte mellom studentar og ein meister som er «berar» av og formidlar av tradisjonsmusikken? Korleis foregår overlevering av folkesongen, tradisjonar og teknikk i praksis? Publikum blir tekne direkte inn i den munnlege overleveringstradisjon…
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel «Mauren og grashoppa». Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande…
kr 100
Gjennom snart 40 år som folkemusikar har Annbjørg Lien kombinert tradisjon, innovasjon og kulturell brobygging i eit mangfaldig kunstnarisk virke. Korleis var det eigentleg å vere fremadstormande kvinneleg felespelar på 80- og 90-talet? Annbjørg Lien vil også fortelje om mange av dei erfaringane ho har gjort i karriera si. Kva er samanhengen mellom dei tradisjonelle…
Det blir vått og hysterisk i Vossabadet under Osafestivalen! Steinar Ofsdal går av som kunstnarleg leiar, og i god nordisk tradisjon så blir det difor Ættestup frå 5-meteren. Her kan du sjølv bli med på gameshow i bassenget og vinne feite premiar, eller du kan sitte på tribuna og nyte galskapen på trygg avstand! Med…
Journalist og vert Nils Kvamsdal inviterer til herleg musikk og gode samtalar i sofakroken laurdagen! Gjestar i sofaen: Arve Moen Bergset, Wiebke Lüders & Håkon Asheim, Per Anders Buen Garnås, Catharina Chen, Sara Chen & Ole Christian Haagenrud. NB! Det er avgrensa tal på plassar på denne programposten alle dagar. Dette på grunn av maxgrense…
Kva skjer når tilsynelatande meiningløyse rim og regler blir til seriøs musikk og dans? Er det eigentleg seriøst, eller er det berre tull? Ellingar og hurrarop frå leiken i skulegarden møter nyskreven musikk og set rytme i reglebeina. Komponist Hans Martin Austestad og koreograf Silje Onstad Hålien møtast i eit univers der alt ligg til…
-
Kalde Mønster er en episodisk novellefilm der samspillet mellom ungdommene i filmen er sentral, både som medmennesker og dansere. Nærhet, rytmikk og kraften i dansen er de sentrale elementene. Handlingen er underbygget med sitat fra eldre kilder og intervju om dans i Troms og områdene rundt. I filmen får du oppleve folkedans som har lange røtter…
kr 100
Trekkspel-virtuosen Frode Haltli kjem attende til Osafestivalen! Haltli tek publikum med på ei reise til Våler i Solør, der han vaks opp etter å ha flytta dit frå Trøndelag som sjuåring. Særleg opptaka av spelemannen Gustav Kåterud (1882-1941) har vore viktige for Frode. Trioen RUSK (med Unni Løvlid og Vegar Vårdal) brukte mykje musikk frå…
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel «Mauren og grashoppa». Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande…
kr 100
Slåttemusikken inneheld uendelege mogelegheiter. Når tradisjonar møter samtid oppstår det dynamiske spenningar som gjev grobunn for spanande musikk. Verket «Andsyning» går rett inn i dette spenningsfeltet med eit meditativt og utfordrande perspektiv på slåtteformer frå Hallingdal, og med utvalde dikt skrive av Margit Lappegard (1918-2011) frå Leveld i Ål. Eit stjernelag av fem profilerte og…
Den populære og trendsetjande folkemusikkgruppa Bukkene Bruse gjenoppstår laurdag kveld på Osafestivalen i år! Bukkene Bruse vart skipa i 1989, av Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal. Trioen fekk raskt mykje merksemd, og representerte Noreg i utlandet ved fleire høve. Dei har vore på Kina-turné, dei var offisielle OL-musikarar under Lillehammer-OL i 1994…
Den kritikerroste duoen Sudan Dudan blandar norsk slåttemusikk med inspirasjon fra amerikansk fjellmusikk og afrikansk ørkenblues på ein måte som har fått både platemeldarar og publikum til å trykke dei tett til brystet. Med gitar, langeleik munnharpe og tostemt vokal har dei funne sin heilt eigne, vakre og skjøre toneverd, som dei har festa til…
Årets kokk er Hans Petter Klemmetsen! Klemmetsen er rockekokken og mannen bak Smag & Behag. For snart 10 år sidan starta han restauranten i Storgaten i Grimstad, etter ei lang kokkekarriere på mellom anna Helmershus Hotell, Finnegaardsstuene i Bergen, og Apotekergården i Grimstad som han var med og etablere allereie som 23 åring. Sidan oppstarten…
Anders Hana og Morten Joh, duoen bak MoHa!, presenterer sitt nye prosjekt Naaljos Ljom på Osafestivalen. Dei har etter mange år i separate prosjekt funne saman att, drivne fram av ei ny felles musikalsk og konseptuell interesse i reinstemming og norsk folkemusikk. I ånda til Eivind Groven og Erik Eggen har synth, gitar og langeleik…
Linda Eide møter Steinar Ofsdal til fløyteduell. Dette vil du ikkje gå glipp av! Kvedarane Eli Stobekken (Spellstenen) og Berit Opheim (Meistertimen) kjem også og i tillegg til Reglebein-gjengen Nina Fjeldet, Silje Onstad Hålien og Hans Martin Austestad! Og så blir det nok ei overrasking eller to! Det er avgrensa tal på plassar på denne…
Tingingsverket til Telemarkfestivalen 2015 blei skrive av bassisten Mattis Kleppen. Denne tinginga kom som følgje av at han to år tidligare hadde gitt ut albumet ”Mattis Kleppen & Resjemheia”, med slåttemusikk frå Telemark og bluesmusikk frå Vest-Afrika og Mississippi. Dette albumet – som var nominert til folkelarmpris - bestod av songaren Ingrid Helene Håvik og…
Tuvas Blodklubb vert servert på Rikscena ein gong i månaden og tek nok turen over fjellet til Voss! Me snakkar her om Noregs, truleg Nordens, ja kanskje til og med verdas første reinspikka folkemusikknattklubb! Det er sjølvsagt Tuva Syvertsen, kjend som frontfigur i Valkyrien Allstars, som er vertinne for moroa – og moro skal det… |
11 hendingar,
Morosame og underfundige songar og regler om dyr og menneske, lokkar og trallar! Instrumenta er trekkspel, munnharpe og kontrabass - og rytmer på stein og tre! Eli Storbekken og Sigurd Hole har samarbeidd om ei ny plateinnspeling som er retta mot både barn, unge og vaksne - ei familieplate med folkemusikk frå det tidlegare fylket Hedmark. Eli…
Skulle du ynskje du var like god å kveda som Berit Opheim? No har du sjansen til å læra den edle kunsten frå meisteren sjølv. Ta med stemma og noko å skriva på og med. Påmelding Ingen påmelding - bare møte opp i Voss idrettshall (ned trappa frå foajéen) Avgrensa tal på plassar Førstemann til…
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel «Mauren og grashoppa». Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande…
kr 100
Med klassisk gamaldansbesetning møter me Frode Haltli Avant Folk i ein heilt ny tapning under årets festival! Men skikkeleg gamaldans vert det nok lite av. Under Vossa Jazz 2019 spelte Avant Folk med ti musikarar i Gamlekinoen, og konserten vart utropt til helgas høgdepunkt av Joseph Woodard i All About Jazz, og fekk treffande lovord…
I samarbeid med Osafestivalen presenterer Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater – «Den felespelande grashoppa». Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel «Mauren og grashoppa». Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande…
kr 100
Vi gler oss stort over at trioen Catharina Chen, Ole Christian Haagenrud & Sara Chen kjem til årets festival! Gjennom komposisjoner av blant andre Grieg, Prokofiev, Shostakovich og Madsen søker den framifrå fiolin/piano-trioen å formidle den menneskelege tilværa og kjensler som glede, sorg, undring og indre ro. Dette vert ei annleis konsertoppleving, med bildeskapande og…
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele Bakgrunnen for oppretting av minneprisen har vore eit ønske om å oppmuntra unge utøvarar på hardingfele og slik minnast Audhild. Audhild var aktiv utøvar på hardingfele, og ho dansa folkedans. Som lita jente vart ho med i barneleikarring, og i ung alder byrja ho å…
Ei forteljing i ord og tonar om spelemannen Leif Rygg sin entusiasme for folkemusikken i kombinasjon med eit aktivt yrkesliv som «landmålar» til utøvande folkemusikar. Her kjem bilde frå barndomsåra, familie- og arbeidslivet, organisatoren, pådrivaren, og utøvaren, samt slåttar han utøvde. – Steinar, no må du koma her! Me ska’ ne’ pao Flescher! Far kjem…
Tre av landets aller flottaste felespelarar inntek scena sundagen under årets Osafestival – Tuva Syvertsen, Per Anders Buen Garnås og Alexander Aga Røynstrand! Tuva treng knappast nokon introduksjon: Som framifrå og knalltøff felespelar, vokalist og frontfigur i Valkyrien Allstars har ho vore ei svært viktig drivkraft i revitaliseringa og utviklinga av norsk folkemusikk etter årtusenskiftet.…
Kalde Mønster er en episodisk novellefilm der samspillet mellom ungdommene i filmen er sentral, både som medmennesker og dansere. Nærhet, rytmikk og kraften i dansen er de sentrale elementene. Handlingen er underbygget med sitat fra eldre kilder og intervju om dans i Troms og områdene rundt. I filmen får du oppleve folkedans som har lange røtter…
kr 100
Steinar Ofsdal har gjort ein formidabel jobb som kunstnarisk leiar for Osafestivalen sidan 2004, og i år vert det siste året hans i denne stillinga. Den entusiastiske folkemusikkprofessoren og fløytemeisteren tek med seg eit knippe fløyter frå den rikhaldige samlinga si (som visstnok tel rundt 350 instrument!). Med seg på scena har han Espen Wensaas… |
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
0 hendingar,
|
