Opning av festivalutstillinga

Galleri 19 Uttrågata 19, Voss, 5700, Norway

Simone Hooymans (f. 1974) er årets festivalkunstnar! Hooymans er ein av våre fremste animasjonskunstnarar og har vunne ei rekkje prisar for sine særeigne animasjonsfilmar. Simone sine handteikna animasjonar er kjenneteikna av fantastiske fargar og fascinerande rørsler som syg sjåarane med seg inn i nye univers. Ho arbeider primært med teikning og animasjonar og har samarbeidd…

Oppskóka

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Gjestene som kjem på Osafestivalen si Oppskóka slepp nok å drikka or "kjengjo store so mannalyft", men smak av kveik skal dei i alle fall få, både i form av den eldgamle heimabryggkulturen og i form av song, dans og spel. Kor gammal den heilt særmerkte gjærkulturen kveik er, veit vel ingen for sikkert, men…

Folkesnurr spelemannslag

Voss idrettshall

DJ Finborud er attende med forsterka mannskap! – Planen er å ta Folkesnurr-konseptet endå eit steg i retning klubbmusikken, med beats frå moderne klubb/house/afro-sjangrar, der klangar frå folkemusikken blandar seg inn og fargelegg rytmane, seier DJ Finborud. For å oppnå dette, har sjefen forsterka laget med «supermusikar» Kåre Opheim på «folkeperk» og «strengevirtuos» Bjørnar Ekse…

Lunsjkonsert med studentane på Ole Bull Akademiet

Voss Sparebank Vangsgata 18, Voss, Norway

Studentane på Ole Bull Akademiet tek tradisjonsmusikken inn i ei ny tid, og gir oss ein konsert med stor variasjon i uttrykk og bruk av ulike instrument. Dei gir slåttane og folkesongane nytt liv og appell som for 200 år sidan, då dei var dåtidas «hits»! Gamle dansar og viser blir som nye, inspirert både…

Bandworkshop med Sliteneliten

Vangsgryto Miltzowsgate 2, Norway

Er du glad i musikk? Nysgjerrig på å spela i band? Bli med på workshop med Sliteneliten i Gryto! Gratis! Pizza til alle! Påmelding: voss.friskus.com Arrangementet er eit samarbeid med Ungdomsklubben Gryto

Ævestaden

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Endeleg! Ævestaden kjem til Voss og Osafestivalen! Magnus Ulleland omsette Dante sin «Den guddommelege komedie», og der nyttar han ordet Ævestaden som eit anna ord for helvete. Trioen Kenneth Lien, Levina Storåkern og Eir Vatn Strøm har lånt namnet, og det er ikkje tvil om at dei leverer djevelsk god musikk. – Ævestaden er lange…

UngOsa helgekurs

Voss vandrarheim Peter Bondes veg 40, Voss, Norway

Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar eller eit anna instrument som t.d. gitar? Om du svarar «ja» (på eit - eller fleire - av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa! Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 8. gong! Helgesamlinga er unik…

Gro Holm opnar Osafestivalen

Voss idrettshall

Med ein felespelande far frå Finnskogen og sitt fyrste dansekurs i kjellaren på Modum Bad og nervesanatorium, kan ein trygt slå fast at årets festivalopnar – NRK-journalist Gro Holm – har eit forhold til folkemusikken. Då ho møtte hardingfelespelet som 15-åring, vart det ei openberring. Det vart både fele og dans på unge Holm, som…

Mamelukkk dansekompani: Livmødre

Voss idrettshall

Danseframsyninga Livmødre startar Osafestivalen 2023 fredag kveld i Voss idrettshall! Førestillinga gir eit rått og ærleg bilete på korleis det er å vere kvinneleg hallingdansar. Fem hardtsparkande dansarar, to fantastiske musikarar. Alle kvinner. Gå ikkje glipp av denne unike førestillinga! Korleis kan endringane i kvinnekroppen, den månadlege syklusen, overgangen frå barn til vaksen, det å…

Daniel Sandén-Warg

Voss idrettshall

Daniel Sandén-Warg har turnert mange stader i verda med kjende artistar, men konsentrerer seg no mest om setesdalsmusikken, som er grunnmuren hans. Daniel spelar i Bjørgum-tradisjonen som botnar i spelet til Knut Jonson Heddi 1857-1938. Han har budd som næraste granne til læremeisteren sin, Hallvard T. Bjørgum, i over 20-år og fått mykje spel derifrå.…

Valkyrien Allstars

Voss idrettshall

Valkyrien Allstars er attende på Osafestivalen! Gruppa fekk i 2020 Spellemannsprisen i kategorien Vise for studioalbumet Slutte og byne. Og hjå musikkmeldarane hagla det med femmarar og seksarar for musikken som har eit tydeleg pop-preg, men som like fullt har eit hav av referansar til tradisjonsmusikken. Osapublikummet få høyra fleire av spora på det komande…

Sara Parkman

Voss idrettshall

Svenske Sara Parkman har teke den svenske folkemusikkscena med storm og rett og slett fått kultstatus innan moderne svensk folk. Songaren, felespelaren og låtskrivaren utforskar kva det vil seia å vera menneske – med kropp og sjel. Som tredjegenerasjons prestedotter, har Sara den religiøse folkemusikken i botn for alt ho gjer. Ho slo gjennom med…

Eir vatn strøm

Voss idrettshall

I fjor vart Eir Vatn Strøm kåra til Årets unge folkemusikar, etter at ho vann finalen i IntroFolk under Folkelarm. I år kjem ho til Osafestivalen, både med bandet Ævestaden og med eigen konsertdel på Folkesnurr. Eir vil syne at folkemusikken er levande, relevant og hipt. Eir blandar elektronikk og sin eigen musikk (vokal, klaviklyre…

Dans med Skrot

Voss idrettshall

Friske arrangment og fengene melodiar! SKROT spelar ein miks av tradisjonell gamaldans og nykomponert musikk som dei lagar sjølve. Gruppa er inspirert av «Visdals kvintett», Nye Ringnesin» m.fl. Ane Stakston Aaasen, fele Ragna Valde Sletten, fele Steinar Odde, trekkspill Vegard Hansen, trekkspill Gro Visdal, kontrabass Semon Harerusten, gitar Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Voss…

Prøv deg! Seljefløytemakarkurs

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Bli med på fløytemakarkurs og lær deg handverket! Mange kjenner til seljefløyte som er eit tradisjonsinstrument laga av bark fra seljetreet. Tradisjonelle seljefløyter er kortlevde instrument, og for å kunne spille på den ho året rundt, kan vi bruke eit anna materiale. På dette kurset lærer du hantverket! Du får lage seljefløyte i plast, som…

Osafrukost med Gjermund Larsen trio

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Vær så god! Osafrukost med rykande fersk musikk frå Gjermund Larsen trio! Musikken frå albumet «Tøyen Sessions», som kjem i oktober, tek oss med på ei reise gjennom dagen og året, der det startar med Morgenslått og sluttar med Kveldsvals – og der me undervegs er innom både April, Sankthansvals og Vintermarsj. Ein nydeleg start…

Prøv deg! Lynkurs i dans

Ungdomshallen

Vi ladar opp til dans med herlege Madam Jam og Skrot laurdag kveld i idrettshallen! Deltakarane får prøve seg på dei vanlegaste pardansane frå området: springar, reinlender, polka og vals. Passar for alle som har lyst til å prøve seg! Ta med gode sko! Kursleiar: Arne Anderdal Kurset varer i 50 min. og er gratis…

Prøv deg! Lynkurs i munnharpespel med Kenneth Lien

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Kor vanskeleg er det eigentleg å få den vetle metalldingsen til å låta bra? Lyst til å prøva deg? Bli med på lynkurs i munnharpespel med Kenneth Lien! Oppmøte i kaféen på Ole Bull Akademiet (inngang oppe) Påmelding Lynkurset er gratis! Last ned gratisbillett på TicketCo Avgrensa tal på plassar Foto: Knut Utler

Meistertimen: Tom Willy Rustad møter Kristoffer Kleiveland & Ingrid Standal Sørheim

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Kva er det «å gå i lære» hjå nokon? Korleis overleverer ein tradisjonar, kunnskap og teknikk i praksis? I Osa-programposten Meistertimen får publikum koma tett på denne kunnskaps- og tradisjonsoverleveringa. Gjennom samtale, utprøving og spel mellom meister og elev får du sjå og høyra korleis ny kunnskap og nye måtar å forstå og framføra musikken…

Stikk innom: Hamre/Farsethås

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Meisterspelemannen Knut Hamre frå Granvin tek med seg hardingfeleeleven Halvor Heierland Farsethås til foajéen i Gamlekinoen. Ti år gamle Halvor byrja å spele hardingfele med Johanne Mjøs då han var fem. Han spelte også med Alexander Aga Røynstrand då han gjekk i kulturskulen. No er Halvor elev hjå Knut Hamre. Dei to møtast for spel…

Osarebus med folkeklang

Tintrabrua Russarvegen, Voss, Norway

Årets nye tilbod på Osafestivalen er OSAREBUS – ein rebus for born i alle aldrar. Starten går frå Tintrabrua, og på vegen gjennom Prestegardsmoen finn deltakarane postar. Her dukkar det kanskje opp unge spelejenter og -gutar, eller det heng eit instrument eller to du kan ta på og høyra lyden i. Veit du kva instrument…

Annlaug Børsheim spelar slåttar frå Ulvik

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Når Annlaug Børsheim entrar scena på Osafestivalen, gjer ho det for å gje publikum noko ho ikkje har gjeve dei på mange år. – Eg skal halda ein solo hardingfelekonsert, og det er jammen mange år sidan sist! Og når hardingfela er einaste instrumentet, kva er då meir naturleg for ulvikjen Annlaug enn å spela…

Instrumentmakarar i aksjon – familieverkstad

Voss bibliotek Evangervegen 6, Voss, Norway

Instrumentmakarane inntek Voss bibliotek festivalaurdagen! Sjå korleis konservator Wiebke Lüders, gitar- og fiolinmakar Lukas Pawelka og fløytemakarane Stein Villa og Steinar Ofsdal arbeider! Du kan også prøve deg som instrumentmakar! Heilt sidan 2004 har Ole Bull Akademiet, der Osafestivalen held til, drive ein eigen verkstad for hardingfelebygging og reparasjon av instrument. Her arbeider både Wiebke…

Stikk innom: Småkvedarane møter Jo Asgeir Lie

Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, Norway

Strendingen Ellen Marie Selland Geithung har siste året hatt sju born i alderen 6-10 år med seg i Småkvedarane. Nokre har alt fleire år i sekken, medan andre har gått over frå tilbodet Nøringen til Småkvedarane. Dei sju unge kvedarane har fått prøva scenelivet ved fleire høve, men no er det eit musikalsk møte med…

Prøv deg! Lynkurs i slåttetromme

Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, Norway

Vil du lære ein trommeslått? Åsmund tek med trommer og slagverk, og lærer bort bryllupsslåttar frå trommetradisjonen i Hordaland. Høver for born. Kursleiar: Åsmund Soldal Inngang: Gratisbillett på TicketCo NB! Få plassar - førstemann til mølla

Årets Osamæle: Tradisjon, takt & tone

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Lokale stiltrekk og speltradisjonar i møte med ei ny tid Korleis vert tradisjonar som til dømes telemarkspel og valdresspel haldne vedlike og utvikla i møte med samtida vår? Korleis ser utøvarane på si eiga rolle som tradisjonsberarar? Korleis utviklar tradisjonsmusikken seg og korleis tek vi vare på særtrekka og kvalitetane i tradisjonen, ikkje minst i…

Stikk innom: G-belgane

Ungdomshallen

Hausten 2022 sette Rannveig Djønne i gang ei ny gruppe med 14 unge toraderspelarar frå Granvin. Alt i sitt fyrste år har gjengen som ber namnet G-belgane opptredd både i heimbygda, i Ulvik og på Evanger. Og i fylje Rannveig, gler dei seg no hankalaust til å få syna Osapublikummet kva dei kan. Alle stikk-innom…

Ungdomskonserten: Sliteneliten

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Sliteneliten med Synneva Gjelland, raddisrockeren og odelsjenta frå Bordalen i Voss i front, kjem til Osafestivalen 2023! Etter å ha spelt ein drøss segnomsuste konserter og gitt ut to plater smekkfulle av velvalde, hardtslåande og avslørande ord om verda anno 2020-tallet er Sliteneliten i ferd med å bli eit band som fleire og fleire får…

Dans i Ungdomshallen: Skrot

Ungdomshallen

Etter fjorårets suksess med middagsdansen, køyrer vi på med heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen på dagtid festivallaurdagen. Her får du servert friske arrangment og fengene melodiar, så det er berre til å finne fram danseskoa og hive deg ut i dansen! SKROT spelar ein miks av tradisjonell gamaldans og nykomponert musikk som dei lagar sjølve.…

Stikk innom: Tom Willy Rustad spelar vestlandsslåttar på hardinglutt

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Velkomen til ei verdspremiere! Tom Willy Rustad spelar vestlandsslåttar på ein hardinglutt - eit instrument som såg dagens ljos i mai 2023. Det er Lars Tørresen og Lukas Pawelka som har laga dette fantastiske instrumentet! - Det som er litt rart er at sjølv om instrumentet er heilt nytt, er det som om det alltid…

Høgemo/Solberg/Mjølsnes – RUNDDANSSLÅTTAR ETTER OLA MOSAFINN, SJUR HELGELAND MED FLEIRE

Ungdomshallen

Etter fjorårets suksess med middagsdansen, køyrer vi på med heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen på dagtid festivallaurdagen. Dei tre Vestlands-felespelarane Håkon Høgemo, Silje Solberg og Einar Mjølsnes er glade i å dykka ned i skattekister for å leita fram gamle slåtteperler. På Osafestivalen presenterer dei ein trestemt dansespelkonsert med runddansslåttar etter storspelemenn som Ola Mosafinn,…

Odde/Bratås: Skurken på dansegolvet

Ungdomshallen

Klar for siste av heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen? Duoen Skurken på dansegolvet, med Pål Bratås på durspel og trekkspel og Steinar Odde vokal og gitar, leverer sin heilt eigne versjon av runddans. Låtane skriv dei sjølve, men taktarter og tonalitet ligg stort sett trygt planta i den norske folkemusikken. Etter mykje øving og moro,…

Akustisk og ufiltrert: Økland x 2 møter Pål Jackman, Mick O’Brien & Caoimhín Ó Raghallaigh

Nain Gymnasvegen 4, Voss, Norway

Bak laurdagskonserten i Nain ligg eit snart 20-årig samarbeid. Den irske felespelaren Caoimhín Ó Raghallaigh jakta på ei hardingfele, og kameraten Mick O’Brien – som spelar irsk sekkepipe, tipsa Caoimhín om Nils Økland. Torbjørn Økland og Mick O’Brien er også gamle kjenningar frå tida med Vamp. No kjem dei til Voss med ein storstilt konsert…

Ragna V. Sletten & Vegard Hansen: Slåttar frå Nordmøre og Ottadalen

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Ragna V. Sletten & Vegard Hansen piskar opp kveldsstemninga i Gamlekinoen med slåttar frå Nordmøre og Ottadalen! Dette vert garantert go'stemning! Ragna V. Sletten - fele Vegard Hansen - trekkspel Inngang: Festivalpass, dagspass eller enkeltbillett til "Sudan Dudan kvartett". Dette er et førespel og det vert difor ikkje selt enkeltbillettar til denne programposten. Foto: Thor…

Sudan Dudan med Meisfjord og Opheim

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Etter fire plater og 20 år som duo, tykte kanskje Marit Karlberg og Anders Røine det var på tide å utvida Sudan Dudan til kvartett.Med seg på laget har dei fått Sondre Meisfjord (bass) og Kåre Opheim (perkusjon) Å skildra musikken til Sudan Dudan er ikkje heilt enkelt. Gabriel Fliflet seier at «Sammen skaper Marit…

Osa heile livet: Solskinn og sang med Kari Svendsen & Steinar Ofsdal

Sosialbygget 3. etg Miltzows Gata 2, 5700, Norway

OSA HEILE LIVET er nytt av året. Her gjev festivalen deg konsertar som treffer menneske i alle fasar av livet, og duoen som har fått æra av å opna ballet er ingen ringare enn «Banjo-Kari» Svendsen og Steinar Ofsdal. – Kari sa ja på strak arm! seier ein oppglødd Ofsdal. Og han lovar ein konsert…

Mat, musikk og vin: Gjermund Larsen trio + Mat frå «BARE» & vin frå kjellaren

Park Hotel Uttrågata 3, Voss, Norway

Vi feirer 20 år med "Mat, musikk og vin" og gler oss stort over at Gjermund Larsen trio er årets musikalske vertskap! Vakrare tonefylgje til måltidet enn det Gjermund og hans to medmusikarar har skapt på albumet Tøyen Sessions – eit abum dei slepper på Riksscenen ei veke før festivalen – skal du leita lenge…

Daniela Reyes med band

Voss idrettshall

Årets festival utforskar møtet mellom folkemusikken og visesongen, og laurdagekvelden startar med Daniela Reyes sine litt skjøre og vindskeive viser. Reyes tok publikum og presse med storm då ho debuterte med albumet Engangsdager i 2021. Kombinasjonen av ei heilt spesiell stemme, eit eineståande tekstskrivartalent og eit stillferdig komp på trekkspel og gitar gav henne Spellemannsprisen…

Alexander Aga Røynstrand

Voss idrettshall

Røynstrand vann Landskappleiken i hardingfele klasse A både i 2019 og i 2022 – den siste vinnaren før pandemien tok oss, og den fyrste etter at landet opna opp att. Gravensaren er ein av dei store meistrane på hardingfele, både som dansespelemann og som konsertmusikar. Varighet: 20-30 min. Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort laurdag…

Øystein Sunde & Meget i Sløyd med gjester Einar Mjølsnes & Kirsten Bråten Berg

Voss idrettshall

Ein konsert med Øystein Sunde er like deler musikalsk og verbal galskap – i beste og mest positive tyding av ordet. Og det vert ikkje mindre moro når Øystein går attende til eigen oppvekst, der interessa for folkemusikken vakna. – Eg er oppvaksen med ein far som var glad i folkemusikk. Han las berre dei…

Dans med Madam Jam

Voss idrettshall

Dansen vil ingen ende ta på Osafestivalen 2023: Madam Jam er klare til å dra deg ut på dansegolvet laurdagskvelden! Bakgrunnen for Madam Jam er ynskjet om å utforska korleis den tradisjonelle runddansen kan få nytt liv i eit stort band og med spennande instrumentering. Såleis er både banjo og dobro med i lydbiletet, i…

Sundagsbrunsj med Mick O’Brien & Caoimhín Ó Raghallaigh

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Perfekt start på festivalsundagen! Ta med deg gode vener på sundagsbrunsj i gamlekinoen og opplev irske Caoimhín Ó Raghallaigh på 10-strengs Hardanger d’amore og Mick O’Brien på uilleann pipe (irske sekkepipe). Dei irske pipene har ein mjukare klang enn dei skotske. På scena nyttar Mick ei sekkepipe med ei ekstra A/G drone. I tillegg spelar…

Folkemusikkgudsteneste med Håkon Asheim

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss, Norway

Folkemusikkmessa under Osafestivalen har blitt ein tradisjon. Årest folkemusikkmesseartist er Håkon Asheim. Velkomen! Arrangør: Kyrkja på Voss

Jo Asgeir Lie i Kapellankåken

Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss, Norway

Rektoren ved Ole Bull Akademiet heilt åleine. I finaste Kapellankåken. Det er ikkje ofte Jo Asgeir Lie spelar solokonsertar. Difor er det sjølvsagte ekstra stas å få høyre han solo på årets festival. I tillegg til å vere pedagog, komponist og arrangør, har Kvarts vore ein sentral del av virket hans som utøvar. Med Kvarts…

UngOsa familiekonsert

Voss idrettshall

Under UngOsakonserten vil dei om lag 100 aktørane på scena syna fram song, dans og spel. Teksten som vev konserten saman er skriven av forfattar Ruth Lillegraven i samarbeid med nokre av UngOsadeltakarane. Gled dykk! UngOsa er eit samarbeid med Hardingfela.no Billett: Festivalpass, festivalpass ungosa (gjeld familiekonsertar laurdag og sundag), dagskort sundag eller enkeltbillett Enkeltbilletten…

Urtonen: Kirsten Bråten Berg i Kapellankåken

Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss, Norway

Velkomen til årets urtonekonsert i Kapellankåken med Kirsten Bråten Berg. Få, om nokon, kan fleire folketonar, folkeviser, balladar og stev enn Bråten Berg. Ein solokonsert med ho er ei reise gjennom hundreåra med dei vakraste tonar du kan tenkja deg. I programposten Urtonen har Osafestivalen tidlegare presentert nokre av våre aller eldste instrument, som til…

HABA HABA – LILLEBJØRN NILSEN SINE BARNEVISER

Voss idrettshall

Tidleg på 1970-talet skapte Lillebjørn Nilsen eit eige univers med barnesongane sine. Songar som ofte var baserte på strukturen Lillebjørn fann i folkevisene. Songar med underfundige og morosame tekstar, som ungane elska og som ofte hadde ein moral som i alle fall dei vaksne fekk med seg. Då festivalsjef Ida sysla med tankar rundt familiekonserten…

Unamna – Løvlid/Hytta/Nyhus

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss, Norway

NB! KONSERTEN ER FLYTTA FRÅ OSASALEN TIL VANGSKYRKJA Tradisjonelt, nyskapande og spennande! Opplev nye versjonar av Edvard Griegs 19 norske folkeviser, Opus 66, i eigne, heilt særprega versjonar. Bak albumet "Unamna – folkeviser ved Løvlid/Hytta/Nyhus" finn me trioen Unni Løvlid (song), Anne Hytta (hardingfele) og Ingfrid Breie Nyhus (flygel og trøorgel). Trioen stakk av med…

Liv Bernhoft Osa & Knut Hamre: Fela og spelemannen

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Gravensar og meisterspelemann Knut Hamre og skodespelar Liv Bernhoft Osa kjem til årets festival med slåttespel, tekstar og historier som knyter band til store og små hendingar i Olav H. Hauge sitt liv. Språket er utan tvil noko av det som gjer Olav H. Hauge til ein så særmerkt og omtykt diktar, både når det…

Horta: Elias Akselsen, Stian Carstensen & Ola Kvernberg

Voss idrettshall

I slutten av oktober -22 gav trioen Elias Akselsen, Stian Carstensen og Ola Kvernberg ut albumet Horta. Eitt år etter er dei klare for å sleppa sine magiske tonar laus på Osapublikummet. Har du ein gong vore på konsert med Elias Akselsen gløymer du det aldri. Oldebarnet til taterkongen Stor-Johan er fødd på vegen og…