
Morgonrode

Morgonrode tek deg med inn i eit magisk, musikalsk landskap der tradisjonelt slåttespel blir vove saman med eigne tekstar, og bandet sine eigne komposisjonar smeltar saman med improvisasjonsparti farga av den nyanserte og varierte bakgrunnen til gruppa.
«Morgonrode opphever tid og rom med sin vakre, groovy og intrikate musik» (Audun Vinger, DN Helg)
«Fem unge musikanter, med hver sin akutte distinksjon, klarer gjennom begavelse, mot og intuisjon å forene sjangrene folkemusikk og jazz på et vis som fremhever det beste ved begge stilretningene, samtidig som de går opp i en høyere enhet. Det er rørende, utfordrende, dypt suggererende. Både reint og rotete, enkelt og vanskelig. Og hele tiden dypt bevegende og svært originalt» (Ingrid Olava, Juni 2024)
Morgonrode brakdebuterte med Spellemannpris, folkelarmnominasjon og strålande kritikkar med sin sjølvtitulerte «Morgonrode» i 2019. I 2020 kom gruppa med sitt andre album med den underfundige titelen «Du milde verden» etterfølgt av «Det som blir» i 2024. Morgonrode er ein eldre skrivemåte for «morgonrauda», den raude himmelen ved soloppgang, og er eit godt bilete på korleis bandet lagar folkemusikk. Her står musikken fritt til å utfalde seg i nye himmelretningar etter kvart som soloppgangen tiltek og solstrålane breier seg utover dagen. Gruppa består av nokre av dei ypparste, mest kreative og ettertrakta musikarar i landet, og har etter fleire aktive år vakse tett saman. Med den klanglege rikdomen av tre feler, langeleik, resonansstrenger, kontrabass og trommer, kombinert med fremoverlena groovar og godt driv, har Morgonrode spissa sitt særeigne banduttrykk og framstår som meir einskapleg enn nokon gong.
Foto: Eirik Havnes