
Gro Marie Svidal: Førespel

Førespela er som signaturar, opne for det personlege, opne for det individuelle. Tradisjon er reglar, noko som er felles, som alle kan kjenne att. Kvar går grensa for det som er innanfor og det som er utanfor? Kor mykje av det personlege får kome fram i spelet?
Årets Osamæle er ei intim soloførestilling, eit møte mellom ein utøvar, eit instrument og ein tradisjon. Den set lys på spelerommet i tradisjonen, utøvaren sin lojalitet til eit miljø, skaparkrafta, tvilen og vala. Den løftar førespela som knyter band mellom utøvar og instrument, mellom notid og fortid vidare inn i framtida.
Jølstringen Gro Marie Svidal er ei av dei mest annerkjende folkemusikarane me har. I mai vart ho ferdig med ein doktorgrad i i kunstnarleg utviklingsarbeid som den fyrste på hardingfele.
Medverkande: Gro Marie Svidal, hardingfele og tekst
Idé og manus: Gro Marie Svidal
Musikk: Gro Marie Svidal
Regi: Ingrid Askvik
Scenografi og lysdesign: Matias Askvik
Nyproduksjon produsert av Osafestivalen i samarbeid med Gro Marie Svidal.
Produksjonen er støtta av Fritt Ord, Norsk Kulturfond og Vestland Fylkeskommune.
«Osamæle» er Osafestivalen sin faste programpost der me byr på artistane sine røynsle frå og kunnskap om folkemusikken og omkringliggande sjangrar.
Foto: Agnete Brun