
Óme

Óme viser til den døyvde lyden i etterklangen. Korleis fyller fela rommet så det omar, og kva heng att når dansen trør dette vidare? Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen utforskar klang, rørsle, møtepunkt og brytingspunkt mellom musikk og dans, og mellom dansar og musikar. Eit folkemusikalsk uttrykk møter samtidsstraumdrag i ei detaljrik framsyning.
Sivert Holmen er ein utøvande og skapande musikar på hardingfele og hardanger d’amore. I musikken hans møter folkemusikk frå Valdres impulsar frå samtidsmusikk og moderne komposisjonsmusikk. Scenisk nærvær og ein lyrisk tone kjenneteiknar spelet hans.
Silje Ragnhild Onstad Hålien er utøvande og skapande dansar, koreograf og regissør, samt kunstnarnleg leiar for Villniss og Mamelukk Dansekompani. Ho er kjent for mellom anna forestillingane “101 hattar å sparke før eg døyr”, «Dei gamle er eldst», “Reglebein Reglebein” og “Livmødre”, og gjennom rolletolkingar som Smirre Rev på Västanå teater, Fossegrimens dotter på Det Norske Teatret, og hovudrolla i “Pøbel i pels” på Riksscenen.
Silje Onstad Hålien – dans, koreografi
Sivert Holmen – musikk, komposisjon
Kari Anne Vadstensvik Bjerkestrand – kunstnarleg rettleiing
Varigheit: 45-50 min
Foto: Knut Utler