
Kenneth Lien & Center of the universe

Duoen Kenneth Lien og Center of the universe kjem til Osa og Garasjen med ei flunkande ny plate! Forventningane er sjølvsagt skyhøge etter den kritikarroste skiva «Snu hver stein» frå 2023. Multiinstrumentalisten Kenneth Lien, med røter frå black metal og improvisert rock, spelar alt frå hardingfele og fele, til seljefløyte og munnharpe. Den andre delen av duoen er Center of the Universe, eller Jørgen Skjulstad, som har hausta “samples” av både strenger, klanger og rytmer. Saman skapar dei ein hypnotisk suggerande stemning.
Konserten er i GARASJEN – ta gjerne på ei god jakke
Få plassar, så dei som vil ha plass her må være om seg og sikre seg billett!
Kenneth Lien – hardingfele, fele, munnharpe, seljefløyte
Jørgen Skjulstad – trommemaskin, synth, sampler, innspilling og miksing