
Poing gjer Tiriltunga

40-års markering for legendariske Tiriltunga si første plate! Og det heile starta på Voss…
Med utgjevinga av ‘Tiriltunga’ sette trioen i 1985 ein standard for fleirstemt vokal folkemusikk. Samarbeidet starta då Heidi Løvlund møtte Gunnlaug Lien Myhr på Voss folkehøgskule i 1980. Tredje sølvstrupe var Kari Lønnestad. På debutplata syng dei musikk frå Telemark og Hallingdal, men dei var også glade i Røros-polsen.
Dei musikalske trollmennene i POING – Rolf-Erik Nystrøm, Frode Haltli og Håkon Thelin – har spelt alt frå samtidsmusikk til folkemusikk frå heile verda. Dei har gjort stor suksess med nyskapande og originale feiringar av Hellbillies «Sylvspente Boots», Åge Aleksandersens «Levva livet’ og tidlegare i år a-ha sin ‘Hunting High and Low’. Dei har vore på Riksscenen i Oslo og på festivaler som Hilmarfestivalen, Folkemusikkveka i Ål og Nattjazz, og fått stor merksemd.
POING kjem til Voss med tre vokalistar: Silje Risdal Liahagen (Hekate og Kvedarkvintetten), Erik Sollid (Valkyrien Allstars) og Helga Myhr (Morgonrode, Kvedarkvintetten m.m.). Sidan Tiriltunga gjerne hadde tonefølgje av instrument til songen sin, så høver det bra at to av songarane også er gode felespelararar! Og med POING i tillegg vil nok det instrumentale ta endå meir plass i denne leikne feiringa av albumet.
Gamle folkemusikkhits blir som nye når POING med vener møter Tiriltunga!
Medverkande
POING
Rolf-Erik Nystrøm – saxofon
Frode Haltli – akkordeon
Håkon Thelin – kontrabass
med
Silje Risdal Liahagen – vokal
Erik Sollid – vokal, fele, hardingfele
Helga Myhr – vokal, hardingfele