Lastar Hendingar

Bare Egil Spelemannslag

Bare Egil Spelemannslag web
fre 24. okt 2025
21:30

Voss idrettshall

Billettar

Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag

Kvardags-surrealisten Egil Hegerberg er å finne i fleire musikalske konstellasjonar enn det nokon kan telje, mellom anna som Bare Egil Band (bare Egil mutters åleine med kassegitar), Ikke Bare Bare Egil Band Band (bare Egil med fullt backingband) og Bare Bare Band (berre backingbandet utan Egil). Men no kjem den mest rotnorske og klassiske utgåva: Bare Egils Spellemannslag. Her vil Egil kvede og stevje sine låtar til tonefølgje av felegnikk og trekkspeling, framført av dei aller fremste tradisjonsmusikarane her i landet, som Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars og meistertrekkspelar Frode Haltli.

Egil Hegerberg – vokal
Frode Haltli – trekkspill, gitar
Roald Kaldestad – gitar, mandolin
Tuva Syvertsen – fele, hardingfele
Erik Sollid – fele, hardingfele
Gjermund Silset – kontrabass

Foto: LP Lorentz