Lastar Hendingar

Annlaug Børsheim

Annlaug Børsheim web
lau 25. okt 2025
22:00

Voss idrettshall

Billettar

Festivalpass eller huskort Voss idrettshall laurdag

Plateaktuelle Annlaug Børsheim frå Ulvik i Hardanger kjem til Voss idrettshall med eigne låtar og tradisjonelle viser og songar frå den norske folkemusikken. Alt blanda saman i ei gryte av folkemusikk, indierock og pop, men heile tida med Annlaug si stemme og hennar særpreg som ein raud tråd i det varierte uttrykket. Det er storslått og mektig, sårt og gjennomsiktig, alltid med eit nærvær og ein nerve.

Børsheim opererer innanfor eit breitt spekter av instrument, sjangrar og sceniske uttrykk. Ho er eit av dei sentrale medlemma i Frode Grytten Beat Band, tolkar Joni Mitchell sine låtar på nynorsk i prosjektet Heim med Joni og lagar framsyningar både for barn og vaksne i samarbeid med VFH Produksjoner. Ho har spelt inn gamle slåttar frå Hardanger i det store bok- og plateprosjektet «Slåttar frå Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Kvam» og lagar ny, lågmælt og poetisk folkemusikk i duoen Djønne&Børsheim.

«Den som har savnet bindeleddet mellom Joy Division, Tom Waits og norsk folkemusikk, vil bli blåst av banen når Annlaug Børsheim og et mollstemt musikerlag gir ut den tyngste, svarteste og mest bunnløst triste sangen du kan tenke deg. Dette er så mørkt og tungt og trist at det knapt er skrevet noe mer hjerteskjærende, men vokalen og musikken er likevel lysende, og Børsheim har virkelig funnet en ny åre» Mode Steinkjer, Dagsavisen

Linn Frøkedal – Bass
Einar Sogstad – Tangentar
Hans-Olav Molde – Trommer
Pedro Carmona-Alvarez – Gitarar
Annlaug Børsheim – Gitarar, feler og vokal

Foto: Linn Heidi Stokkedal