Lastar Hendingar

Dans med «Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar»

spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar web
lau 25. okt 2025
23:30

Voss idrettshall

Billettar

Festivalpass eller huskort Voss idrettshall laurdag

Eit av landets råaste spelemannslag entrer storscena i Voss idrettshall laurdag kveld! «Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar» er ei laust samansett gruppe med fleire av dei fremste hardingfelespelarane i Valdres. Det fremste formålet til laget er å ta lite brukte og gløymde låttar opp att i tradisjonen gjennom lagspel, og at låttane deretter kan vidareutvikle seg hjå eit knippe tradisjonsberarar.

Spelemannslaget som starta opp i 2014, spelar i hovudsak springarar, hallingar, lydarlått(ar) og bondelåttar. Som regel har dei éi målsetjing for året, og det er å øve inn to nye låttar til Landskappleiken. Ein viss musikalsk framgang har likevel gjeve dei høve til å spela både på alt frå meisterkonsert i Operaen til Tuvas Blodklubb. På CD-utgjevinga frå 2022 sette laget truleg ein eller annan verdsrekord då dei spelte inn 18 låttar på ti felestille. Laget har også ei rekke topp-plasseringar på Landskappleiken.

Foto: Runhild Heggem

Merk: «Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar» og Kvarts deler dansekvelden mellom seg frå 23.30 og utover