Lastar Hendingar

Cormac Begley solo

cormac begley web
fre 24. okt 2025
20:30

Voss idrettshall

Billettar

Huskort Voss idrettshall fredag eller festivalpass

Med sine tretten konsertinaer, som går frå piccolo til bass, vert Cormac Begley frå West Kerry på sørvestkysten av Irland, rekna som ein pionér innafor concertinatradisjonen. Han har introdusert instrumentet til eit breiare publikum gjennom medverknad i Peaky Blinders og med over 40 millionar avspelingar på songen “To war” på sosiale medium. Begley fyller no store konsertsalar heime i Irland. Han har skapt eit lydbilete som vert hylla for sin råe energi og djupn. Familien hans har røter djupt planta i den irske folkemusikken, og både faren og onkelen spelar trekkspel.

I 2022 vann han prisen for Beste Folkemusikkinstrumentalist under RTÉ Folk Awards. Same år var soloalbumet hans B kåra til Årets Album 2022 av The Irish Times. Albumet B hyllar basskonsertinaen – eit særs sjeldan instrument – og Cormac spelar på to basskonsertinaer på alle dei 12 spora. Cormac samarbeider med fleire artistar, mellom dei Martin Hayes som vitja Osafestivalen i 2024.

Cormac Begley – Concertina