Lastar Hendingar

Håkon Høgemo spelar slåttar av Eivind Groven

Håkon Høgemo web
lau 25. okt 2025
20:00

Voss idrettshall

Billettar

Huskort Voss idrettshall laurdag eller festivalpass

Det er noko eige med slåttane Eivind Groven har laga. Ikkje liknar dei på dei gamle slåttane, og har på eit vis ein anna farge i seg. Noko av dette kjem av felestilli han nytta. Han laga og nye stille, som han nytta på nokre av dei. Men rytmane og oppbygging ifrå det gamle er der. Eivind Groven laga mange slåttar for hardingfele, men han tykte nok ikkje at alle var gode nok til å ta vare på. Difor er det berre 10 som er nedskrivne.

Spelemannen og årdølingen Håkon Høgemo har vunne fleire prisar for sitt framifrå hardingfelespel. Når han no kjem til Osafestivalen ventar det ei oppleving av dei sjeldne, der Sogn møter Telemark, og rått hardingfelespel møter akustikken i Voss idrettshall.

Håkon Høgemo – hardingfele

Foto: Agnete Brun