
Harpreet Bansal trio

Den prisvinnande fiolinisten og komponisten Harpreet Bansal har utmerka seg som ein av dei mest særeigne og spennande norske musikarane dei siste åra. Hennar djupt personlege versjon av den indiske ragaen er ei unik blanding av inntrykka og opplevingane hennar av å leva mellom to kulturar. I 2022 gav ho ut sitt fjerde album Parvat, der ho er solist i sitt eige tingingsverk med Kringkastingsorkesteret. I april i år kom albumet States of Mind på Lawo Classics, eit samarbeid mellom Harpreet Bansal Trio og Cikada Strykekvartett som no har vart i meir enn seks år.
I Harpreet Bansal Trio har ho med seg dei eminente musikarane Andreas Bratlie på tablas, perkusjon og stemme, og Vojtech Prochazka på piano og harmonium. I 15 år har dei utforska potensiale som ligg i grenselandet mellom raga, jazz, pop, impro og komposisjon, og skapt musikk som er dynamisk, fargerik, fengande og filosofisk.
Harpreet Bansal – Fiolin
Andreas Bratlie – Tablas, perkusjon, stemme
Vojtech Prochazka – Piano, hamonium
Dette seier pressa:
Hennes mest ambisiøse og skjønne til nå….en helt strøken utgivelse.
– Audun Vinger, Dagens Næringsliv om «States of Mind»
Binding everything together…is Bansal’s shimmering, yearning fiddle, flickering in and out of focus. Bansal’s compositions are spacious and sprawling, but fascinating in their detail; they are the ideal vehicle for her playing: «Samaya» is a classy piece of collective musicianship and well worth repeated listening.
– Tim Woodall, Songlines Magazine
Jeg har nå lyst til å høre mer indisk musikk, og aller helst i Harpreet Bansals tapning.
– Magnus Anderson, Klassekampen
Foto: Anna-Julia Granberg