
9 grader nord

Det bergensbaserte, tamilske folkrockbandet 9 grader nord kjem til Osafestivalen! Bandet hentar inspirasjon frå eit mangfald av musikalske stilar, inkludert karnatisk musikk, baila og tamilsk folkemusikk. Bandet, som er systrene Mira og Dipha Thiruchelvam, Jakob Sisselson Hamre og Jakob Sønnesyn, er kjent for vere energiske, opprørske og sjølvsikre på scenen og inkorporerer ei rad instrument som bambusfløyte og cajon for å skape ein unik og fengslande lyd.
Rendyrker alt som gjør musikken deres unik BT
Kort sagt mektig musikk, som bør sjekkes ut av alle som har lyst til å høre noe nytt Aftenposten
Bergens mest overstrømmende fusion-band, 9 grader nord, sikter høyt Klassekampen
Sidan starten i 2017 har bandet vore på tallause prestisjetunge norske festivalar og store og små klubbscener rundt om i Noreg, i tillegg til ugløymande TV-framsyningar. At dei er så allsidige har ført til at dei har kunne teke på seg spennande prosjekt som å samarbeide med Kringkastingsorkesteret, tolke målarstykka til Munch og vere med på Trygdekontoret.
Debutplata deira Jaffna som blei gitt ut hausten 2019 blei godt motteken med gode meldingar og tildeling av Subjektprisen 2019 i kategorien “Årets artist”. Hausten 2023 følgde dei opp med den andre plata si “Yalpanam”, som dei vann Spellemannspris for i “Åpen Klasse” i 2024. Namnet på plata spelar vidare på navnet på første plata “Jaffna”, heimbyen på Sri Lanka der foreldra til systrene Mira og Dipha kjem frå. “Jaffna” er det byen blei kalla etter den britiske koloniseringa, medan “Yalpanam” er det gamle, originale namnet til den vakre byen.