Lastar Hendingar

Kræsjkurs i seljefløytespel

Kræsjkurs i seljefløytespel web(1)
lau 25. okt 2025
9:30

Billettar

Gratisbillett på TicketCo

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne. Mange har nok prøvd seg på å lage og spele seljefløyte i løpet av livet, men det er ikkje mange som meistrer kunsten like godt som Steinar Ofsdal. Om du er nysgjerrig på korleis han får så god lyd i instrumentet, hiv deg med på kræsjkurs og lær nokre triks frå ein av dei beste i faget!

Oppmøte ved resepsjonen på Ole Bull Akademiet (inngang oppe)
Kurset varer i om lag 50 min.
Max 15 plassar

PÅMELDING
Lynkurset er gratis!
Last ned gratisbillett på TicketCo

Kurset er særskilt støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Foto: Anders Lillebo