Lastar Hendingar

MALMIN MED ÅSHILD VETRHUS

Malmin med Åshild Vetrhus web
lau 25. okt 2025
12:00

Ungdomshallen

Billettar

Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett. Gratisbillett til dansekurs på TicketCo

Vel møtt til eit intimt møte med gløymde skattar frå Rogaland. Rogaland  hadde ingen Myllargut eller Ole Bull. Utan kjende konsertfelespelarar i  regionen, blei slåttane frå området heller ikkje moderniserte og utvida for bruk i framsyningar og konsertar. Slik bevarte denne musikken ein råskap og originalitet som tidvis er meir rock enn rocken sjølv. Her får du servert musikk for fest, for å elska, for å bøta på og omvenda seg – og musikk for å døy. Framført med driv, varme og kjærleik for fortida med tre par føter solid planta i  våre dagar.

Bli med på dansekurs i Suldalsspringar med Vegar Vårdal før konserten!
Du sikrer deg plass ved å laste ned gratisbillett på TicketCo

Medverkande
Olav Christer Rossebø – hardingfele, fele og mikrotonal mandolin
Anders Sundsteigen Hana – mikrotonal gitar, munnharpe, langeleik og oktavfele
Åshild Vetrhus – song
Gjestearstist Vegar Vårdal: dansemeister, feler

Varighet: 50 min