Lastar Hendingar

Pumpegris

Pumpegris web
lau 25. okt 2025
18:00

Ungdomshallen

Billettar

Få plassar. Festivapass, dagspass laurdag, huskort Voss idrettshall laurdag eller enkeltbillett. Eit avgrensa tal plassbillettar ligg ute for sal for deg med pass eller huskort.

Feite, steinharde slåttar og grove tekstar. Pumpegris byr på dansbare og fengande låter basert på norsk folkemusikk, pop, punk og vestafrikansk musikk. Tekstane er brutale, såre og humoristiske. Vokalist Vera Sonne lener seg mot alt frå kveding til rap, mao det som til eikvar tid fanger folkemusikken sitt dansande driv. I tillegg henter Pumpegris inspirasjon fra funk, shoegaze og visepop og tek fatt på samtlege tradisjonar med god pondus. Slik tek dei folkemusikken med inn i noko nært, skittent og groovy. Pumpegris sprer den norske kulturarven med fest og faenskap, akkurat slik han oppstod.