
UngOsa familiekonsert

Enkeltbillett kr 150,- for born og vaksne eller festivalpass gjeld for denne konserten
Som avslutning på helgesamlinga for born og unge under festivalen får deltakarane syne publikum kva dei har jobba med i løpet av helga. Her vert det spel, song og dans framført av unge, spente kursdeltakarar. Gled dykk!
UngOsa er eit samarbeid med Hardingfela.no
Billett:
Festivalpass, dagskort sundag eller enkeltbillett
Gratis inngang for born under 3 år
Foto: Elisabeth Emmerhoff