
Diket

Med bandmedlem frå anerkjende Oslo-band som Benedikt, Ævestaden og Hey Gloria, skaper Diket ein melankolsk poetisk folk-indie, som tek den nordiske folkemusikken i ei ny retning. I Diket sin musikk finn me eit vakkert og sørgmodig univers med tema frå kvardagslivet, naturen, og det moderne mennesket si lengsel etter noko anna.
Vår vert til seinsommar i Diket sin debut-EP «Och sen kom vintern’, som kom i 2024 på det svenske plateselskapet Supertraditional (Sara Parkman m.fl.). Bandet har på kort tid etablert seg som eit spennande indiefolkband, og vart i 2025 nominert til Grammis i kategorien «Årets Folkmusik». Diket har i løpet av det siste året spelt eit stort tal konsertar i inn- og utland, mellom anna på VillVillVest, og som support for band som Valkyrien Allstars og Lankum.
Foto: Anne Marte Aure / Klara Bond