
Lislevand & Duncumb: Marais og Forqueray – engelen og djevelen

Velkomen til ein frukostkonsert av dei sjeldne! Gamben, lutten og barokkgitaren var blant dei mest populære instrumenta for øvde amatørar og profesjonelle på 16- og 1700-tallet. Det finst eit enormt og variert repertoar der dei store komponistane Marin Marais (1656-1728) og Antoine Forqueray (1672-1745) var dei mest populære. Medan Marais fekk tilnamnet «Engelen» for sitt behagelege og elegante vesen og manerar, blei Forqueray kalla «Djevelen» med sitt fargerike temperament og virtuoseri. Det finst om lag 600 stykke bevart av desse to komponistane. Jadran Duncumb og Andre Lislevand har gjort eit utval av dei mest fascinerende stykka i repertoaret. Dette er små karakterstykke samla i suiter i same toneart og byr på alt frå vakker melankoli, oppfinnsam eleganse og diabolsk virtuoseri.
Andre Lislevand blei født i 1993 som son av den verdsberømte norske luttenisten Rolf Lislevand. Musikk spela tidleg ei viktig rolle, og som 11-åring byrja han å studere gambe hos Alberto Rasi. Hans profesjonelle karriere byrja då han var 16 år parallelt med vidare studier hos Paolo Pandolfo ved Schola Cantorum Basiliensis i Basel. Etter å ha blitt uteksaminert i Basel følgte vidare studier hos Vittorio Ghielmi og privat med Jordi Savall. I dag er han blant dei mest profilerte gambistar i sin generasjon og spelar med ei rad ensembler i tillegg til å ha ein aktiv solokarriere.
Jadran Duncumb studerte gitar ved Royal College of Music i London der han også fekk høve til å lære seg teorbe og lutt, og sidan har han ikkje sett seg attende og diplomerte med cum laude frå den Statlege Musikkhøgskulen i Trossingen, Tyskland, med ein master i lutt og basso continuo under Rolf Lislevand. I tillegg til jamnlege konsertar med Barokkanerne, framfører han hovudsakleg solo og kammermusikk på lutt og historiske gitarar. Hans karakteristiske bassocontinuo-realisasjoner har vore rost av mellom andre Diapason for fyldigheita, sensitiviteten og virtuositeten dei viser. Prosjekt i nær framtid inkluderer konsertar og innspelingar med sopranen Giulia Semenzato og luttkonsertar med Barokkanerne. Jadran forsker på luttrepertoaret fra 16- og 1700-tallet og er i dag ein av Noregs fremste tidlegmusikarar.
Konserten varer i 50 minutt
Sal av frukost i samband med konserten.