
HUSTVEIT – ei litterær-musikalsk utvandringshistorie

Velkomen til ei litterær-musikalsk framsyning om utvandringa frå Voss, med eit nydeleg ensemble av skodespelarar og musikarar, tekst og melodi, og med historiske foto i Voss idrettshall. Førestillinga er ein nyproduksjon til årets festival!
Dette er historia om David Hustveit, første ordføraren på Voss, etter at Formannskapslovene vart innførde i Norge i 1837, og Hustveit kan såleis kallast lokaldemokratiets vogge på Voss. David Hustveit var ein kunnskapsrik og omtykt bonde som budde utanfor allfarveg på Hustveit, på andre sida av den kjende Tvinnefossen. Yngste sonen hans, Ivar, emigrerte til Minnesota, og ei av etterkomarane er den kjende forfattaren Siri Hustvedt, busett i Brooklyn.
Idé: Liv Bernhoft Osa & Ingjerd Dymbe Anda
Tekst: Dag Helleve
Komposisjon: Irene Tillung
Foto: Kjell Herheim
Medverkande:
Liv Bernhoft Osa – framføring av tekst
Helge Jordal – framføring av tekst
Irene Tillung – akkordeon
Alexander Aga Røynstrand – hardingfele
Bjørnar Ekse Brandseth – gitar
Bjørnar Kaldefoss Tveite – kontrabass
Førestillinga er støtta av Sparebankstiftinga Hardangar og Komponistenes Vederlagsfond
Foto: Kjell Herheim