Osa på Hangurstoppen!

Hangurstoppen restaurant Hangurstoppen, Voss, Norway

Vi tjuvstartar Osafestivalen på Hangurstoppen! Ein haug talentfulle studentar frå Ole Bull Akademiet, under leiing av Steinar Ofsdal, tek den nye bana opp og speler eit utval slåttar for alle som vil høyre. Dette er eit utmerka høve til å få seg ein tur med den nye gondolen, nyte den fantastiske utsikta og varme opp…

Seminar: Samspel over musikalske og geografiske grenser

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Musikkstudent eller aktiv folkemusikar? Bli med på seminar under Osafestivalen! Musikalsk leiar: Kjell-Erik Eriksson Kjell-Erik Eriksson er kjend både frå samspelet i grupper som Triakel og festivalaktuelle Hoven Droven, og som formidlar av det tradisjonelle felespelet frå Jämtland, som har mykje til felles med folkemusikken på vår side av grensa. I seminaret vil vi få…

kr 500

Utstillingsopning

Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, Norway

Ragna Misvær Grønstad (f. 1984) frå Bodø er årets festivalkunstnar. Gjennom grafikk, teikning og tekstar skaper ho kunst som har mange lag, der det unike estetiske uttrykket ofte flyt saman med og vert berika av politiske og filosofiske understraumar. I arbeidet med tresnittserien «Saltvannsblomstene» har Misvær Grønstad utvikla eit uttrykk som ho beskriv som «visuell…

GRATIS

Opningskveld | Johanne Flottorp | Huskort

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Festivalopnar: Vilde Westeng (dans) med Berit Opheim (song) & Jo Asgeir Lie (akkordeon) Johanne Flottorp frå Åmli er blant dei mest spanande unge hardingfeleutøvarane i landet. Spelet hennar er energisk, kraftfullt og dynamisk – ho veit å kombinere det råe og kvasse uttrykket med det såre, kjenslevare og lyriske. I 2018 var ho nominert til…

kr 350

Opningskveld | Utdeling av Hordaland Fylkeskommune sine folkemusikkstipend | Huskort

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Stipenda vert delt ut for 4. gong, og skal gå til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans. Satsinga skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og å styrke og sikre arbeid med immatriell kulturarv. Foto: Vinnarane frå 2018 - Åsmund Øydvin, Knut Hamre og Amalie Kinsarvik Tvilde saman med utdelar Ronny Skaar. Merk: Denne…

kr 350

Opningskveld | Osamæle: Wolfgang Plagge | Huskort

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

«Tradisjon og fornying – eller motsett?» Komponist, pianist og musikkformidlar Wolfgang Plagge skreiv sine fyrste komposisjonar allereie som tolvåring, og har gjennom ein omfangsrik og spanande karriere vist seg som ein særs vidfemnande og mangesidig musikar. Han har blant anna dyrka ei genuin interesse for tidlegmusikk, og har ei evne til å formidle både dei…

kr 350

På strak arm! Stattupp-kveding og folkemusikkpub

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Sjølvaste Eli Storbekken tek med seg kvedarkollegaane Kari Finne Sognnæs og Halvor Håkanes til musikalsk samvær på Folkemusikkpuben. Kveding og folkesong er levande tradisjonar som må haldast i hevd både hjå profesjonelle og amatørar. Scena er open for alle som har ein sangstubb, eit stev eller ei vise dei vil dele.   https://www.youtube.com/watch?v=dpDnJ3QuSrY&list=RDEMRMQM2EsdAQyX0-k2nsC7RQ&start_radio=1

Free

Lunsjkonsert

Voss Sparebank Vangsgata 18, Voss, Norway

Framtida ser og høyrest ljos ut for folkemusikken her i landet, når ein ser det tilfanget av unge talent som blømer fram frå dei ulike folkemusikkutdanningane våre! Velkomen til den tradisjonelle lunsjkonserten vår med studentar frå folkemusikkutdanningane på Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskole!  

Free

Prøv deg! Lynkurs i kveding «Slåttestev»

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Skulle du ynskje du var like god å kveda som Berit Opheim? No har du sjansen til å læra den…

Free

Soloscena «Bjølleslåtten»

Tre Brør Kafé Vangsgata 28, Voss, Norway

Kom tett på fleire av musikarane som er på Voss under festivalen! Gjennom musikalske innslag og samtale med kafévert Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland, får me eit innblikk i tradisjonsmusikken si stilling i samtida og blir betre kjende med artistane bak tonane. Kvifor er det så viktig å halde i hevd folketradisjonar, og i kva grad…

kr 220

UngOsa & MiniOsa

Voss ungdomsskule Olavsvegen, Voss, Norway

I samarbeid med Hardingfela.no inviterer Osafestivalen til helgesamling for unge hardingfelespelarar, toradarspelarar, songarar og dansarar frå 7* år og oppover! I tillegg til å få spela, synga og dansa med instruktørar av ypparste klasse, får deltakarane vera med på konsert og dans under festivalen – og skal sjølve ha avslutningskonsert på sundagen, som ein del…

Urtonen

Tre Brør Bar Vangsgata 28, Voss, Norway

Osafestivalen lanserer «Urtonen» – ein ny programpost der me kvart år vil løfta fram og skapa større medvit om eit tradisjonsrikt instrument frå folkemusikken! I år er det munnharpa me skal verte meir kjende med, med god hjelp frå dei aller beste landet har å by på når det kjem til å få godlyd i…

kr 220

Vossarebels møter Jonas Laupsa

Ungdomshallen

Dei unge, sprelske rockabillygutane i The Vossarebels møter hardingfeletalentet Jonas Laupsa frå Granvin til uventa sjangerblanding! Trass sin  unge alder har rock’n roll-rebellane frå Voss allereie nådd svært langt, både når det gjeld musikalsk dugleik, sceneshow og sjanger- og stilmedvit. At uttrykket deira har stor appell viste seg då dei var svært nær å nå…

kr 220

Klubbkveld | Valkyrien Allstars | Huskort

Gamlekinoen Tjukkebygdvegen 33, Voss, Norway

På fredagskvelden i Gamlekinoen får me møte tre ulike band som på ulike måtar rører seg i skjæringspunktet mellom folkemusikk og rock. Her får gamle tradisjonar ein ny vri og masse energi! Dei som hugsar den forrykande konserten til VALKYRIEN ALLSTARS på Osafestivalen 2013 har noko å gle seg til – dei kjem no attende!…

kr 550

Klubbkveld | Hoven Droven | Huskort

Gamlekinoen Tjukkebygdvegen 33, Voss, Norway

På fredagskvelden i Gamlekinoen får me møte tre ulike band som på ulike måtar rører seg i skjeringspunktet mellom folkemusikk og rock. Her får gamle tradisjonar ein ny vri, og masse energi! Svenske HOVEN DROVEN kombinerer melodikjensle frå folkemusikken med energi og gitarvreng frå moderne hardrock på ein måte som har fenga konsertpublikum og platelyttarar…

kr 550

Klubbkveld | Skrekk og Guro | Huskort

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

På fredagskvelden i Gamlekinoen får me møte tre ulike band som på ulike måtar rører seg i skjeringspunktet mellom folkemusikk og rock. Her får gamle tradisjonar ein ny vri, og masse energi! Først ut denne kvelden er SKREKK OG GURO, som slapp debutalbumet Folkemusikk 2.0  i 2018. Gruppa består av musikarar med bakgrunn frå både…

kr 550

Familiekonsert – Tamburinen

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Bli med Jens Linell inn i ei forunderleg musikalsk forteljing om ein gut og ein tamburin. Det enkle perkusjonsinstrumentet vert eit verkty for utforsking av verda, men fører òg guten mot farer som trugar. Høver godt for både store og små! MERK: Det er mogleg å kjøpe familiebillett til framsyninga på Ticketco

kr 110

Meistertimen – Knut Buen med studentar

Sævelid Osavegen, Voss, Voss, Norway

Kva betyr det eigentleg «å gå i lære» hjå nokon? Korleis foregår overlevering av tradisjonar, kunnskap og speleteknikk i praksis? Osafestivalen inviterer til den heilt nye programposten «Meistertimen» med Knut Buen og studentar. Her tek vi overleveringstradisjonen til scena! Knut Buen står for mange som sjølve symbolet på norsk folkemusikk. Heilt sidan 1960-talet har han…

kr 250

Musikalsk prøverom

Torget Vangsgata 28, Voss, Norway

Ta ein tur innom musikalsk prøverom på torget på laurdag! Vi fyller eit stort telt med spanande folkeinstrument og dyktige instruktørar innan folkemusikk og -dans. Lurer du på korleis ein spelar seljefløyte eller korleis ei munnharpe fungerer? Då er dette staden for deg – uansett alder, musikalsk erfaring og ambisjonsnivå. Musikalsk prøverom er særskilt støtta…

GRATIS

Halling på torget

Torget Vangsgata 28, Voss, Norway

Dei beste hallingdansarane i landet vitjar Vossevangen, og tek seg ein skikkeleg svingom på torget saman med ein god gjeng frå juniorklubben i Voss Spelemannslag! Både Torkjell Lunde Børsheim frå Ulvik og Vilde Westeng vart landskappleikvinnarar i halling i sommar i sine klassar, og med det vart faktisk sistnemde historisk. 17 år gamle Vilde Westeng…

Free

Soloscena «Bjølleslåtten»

Tre Brør Kafé Vangsgata 28, Voss, Norway

Kom tett på fleire av musikarane som er på Voss under festivalen! Gjennom musikalske innslag og samtale med kafévert Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland, får me eit innblikk i tradisjonsmusikken si stilling i samtida og blir betre kjende med artistane bak tonane. Kvifor er det så viktig å halde i hevd folketradisjonar, og i kva grad…

kr 220

Håkon Asheim – «Fra mosafinn til Valkyrien»

Sævelid Osavegen, Voss, Voss, Norway

I dette konsertføredraget vil Asheim vise mange spanande – og velklingande – døme på korleis folkemusikken har farga og framleis fargar folk sine liv, både til kvardags og fest. Dette leier vidare til refleksjonar kring kva rolle musikk speler i liva våre, og kor viktig det er å ta vare på den krafta. Håkon Asheim…

kr 220

Prøv deg! Lynkurs i dans!

Ungdomshallen

Vi ladar opp til dansefesten på akademiet laurdagskvelden! Deltakarane får prøve seg på dei vanlegaste pardansane frå området: springar, reinlender, polka og vals. Passar for alle som har lyst til å prøve seg! Ta med gode sko!

Free

Fløjtens Magi

Tre Brør Bar Vangsgata 28, Voss, Norway

Den danske fløytisten Poul Høxbro er «det lille instrumentets store mann» – ein ekte musikalsk og kunstnerisk pionér. Han har, som ingen annan, løfta den urgamle instrumentkombinasjonen fløyte og tromme ut av raritetskabinettet, til ulike konsertscener verda over – no òg til Osafestivalen! Poul Høxbro skriv: «Verdens eldste musikkinstrument er en fløyte. Den ble funnet…

kr 220

Prøv deg! Lynkurs i munnharpespel

Torget Vangsgata 28, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Vi set munnharpa i fokus under årets festival. Kor vanskeleg er det eigentleg å få den vetle metalldingsen til å…

Prøv deg! Lynkurs i seljefløytespel

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Mange har nok prøvd seg på å lage og spele seljefløyte i løpet av livet, men det er ikkje mange…

Prøvd deg! Lynkurs i kveding (bånsullar/barnesongar)

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Skulle du ynskje du var like god å kveda som Berit Opheim? No har du sjansen til å læra den…

Free

Figurteater: Nattergalen og rosen

Felemakeriet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Osafestivalen og ”Fiddlesticks - eit fabelaktig figurteater” presenterer: "Nattergalen og rosen" av Oscar Wilde. Med: Knut Hamre (hardingfele), Einar Mjølsnes (forteljar), Wiebke Lüders (marionettspelar) og Kristina Hjetland (marionettspelar) Framsyninga varer i om lag 30 min. Figurteateret er eit flyttbart dokketeater med base på Voss. Teatret kombinerer tradisjonelt marionettspel med element frå skuggeteater, levande musikk og…

kr 220

Emily Davis med Bergen Unge Kammerorkester

Nain Gymnasvegen 4, Voss, Norway

Berre 28 år gammal har fiolinist Emily Davis allereie ei lang og svært imponerande karriere å sjå tilbake på. Lista over orkester ho har spelt med, som solist eller konsertmeister, er lang som eit uvêr: Oslo Filharmonien, Singapore Symphony Orchestra, The Royal Scottish National Orchestra, Birmingham Symphony Orchestra, Bergen Filharmoniske Orkester og mange fleire, i…

kr 350

Dansesalong – «Bygda Dansar Hordaland»

Ungdomshallen

"Bygda dansar" byr endeleg opp til dans i Hordaland!  Me presenterer satsingsområda til prosjektet og viser utvalde danseperler frå Hordaland frå arkivet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Med: Siri Mæland, Førsteamanuensis i folkedans Stine Trondsdatter, Prosjektkoordinator for Bygda dansar Ulf-Arne Johannessen, Fagkonsulent Bygda dansar Hordaland Magni Rosvold, Fagkonsulent Bygda dansar Hordaland Arr: Norsk…

Free

Prøv deg! Lynkurs i munnharpespel

Torget Vangsgata 28, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Vi set munnharpa i fokus under årets festival. Kor vanskeleg er det eigentleg å få den vetle metalldingsen til å…

Free

Sterke stemmer – joik før og no

Gamlekinoen Tjukkebygdvegen 33, Voss, Norway

Sara Marielle Gaup inntek Gamlekinoen med ein skreddarsydd konsertperformance for Osafestivalen: «Sterke stemmer – joik før og no» Gaup er ein av dei viktigaste profilane innan samisk musikkliv. Ho er kjend for si særmerkte stemme og tydelege politiske engasjement. Gaup vil formidle ulike sider ved tradisjonell og moderne joik, og vise kva kraft, potensiale og…

kr 220

Alf Cranner & Knut Reiersrud band

Gamlekinoen Tjukkebygdvegen 33, Voss, Norway

Med albumet Presang 2019 gjorde viselegenden Alf Cranner eit strålande comeback, med gitarhelten Knut Reiersrud og bandet hans i ryggen. Når det kjem til legender som Cranner og Reiersrud, blir ord fattige, så kanskje er det best å la dei introdusere einannan?: Knut Reiersurd seier: – 82 år gamle Alf er et eventyr. Den siste…

kr 370

Mat, musikk og vin – Voss à la France!

Park Hotel Uttrågata 3, Voss, Norway

Den virtuose kokken Anders Tveite set saman ein meny som speglar både fortid og framtid. Kortreiste ingrediensar og franske tilbredingsteknikkar går igjen i menyen. Sommelier Francesco Marzola bringer fram det beste i kokkekunsten med velsmakande og spanande vinar som spegler Tveite sin matfilosofi. Dei gourmetglade kan òg sjå fram til innhaldsrik og vidfemnande underhaldning under…

kr 1600

Rydvall/Mjelva

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Svenske Erik Rydvall og Olav Mjelva frå Røros er begge blant dei fremste folkemusikarane i sin generasjon. Kombinasjonen nøkkelharpe og hardingfele (25 strenger i alt!) har i liten grad vore utforska tidlegare – her har denne duoen funne eit særmerkt og rikt klanglandskap som dei nysgjerrig rører seg i, med stor eleganse og nerve. Debutalbumet…

kr 250

Dansekveld på Akademiet

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

ca. 21.00: Offisiell opning av Bygda dansar Hordaland Skolisseklippinga vil finna stad i Osasalen på starten av dansen (etter at det har blitt rigga om til dansegolv etter konserten med  Rydvall og Mjelva)  Bo Lyckligs Gammeldansorkester består av medlemmer frå Hoven Droven – ja, dei er vel strengt tatt det same bandet. Men der Hoven…

kr 170

Steinar Ofsdal – kinesiske bordvers

Tre Brør Kafé Vangsgata 28, Voss, Norway

Steinar Ofsdal speler kinesiske bordvers på bawu, erhu , xiao, xun, dizi, hulusi  og guzheng. Heilt sidan 1960-talet har Ofsdal gjort norsk musikkliv rikare frå scenekantar og platespelarar med mangslungen fløytekunst, omfattande kunnskap og stor formidlingsglede. I 1970-åra blomstra ei ny interesse for folkelege fløytetradisjonar her i landet. Ofsdal var ein av dei unge musikarane…

kr 220

Folkemusikkmesse

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss, Norway

Jo Asgeir Lie - rektor på Ole Bull Akademiet, komponist og ein svært dyktig trekkspelar (både solo og med gruppa Kvarts). Hovudverket hans kan seiast å vera «Folkemusikkmesse frå Ål», der Lie har laga ny liturgisk musikk i folkemusikkstil til den ordinære høgmessa. Verket har vorte populært i kyrkjesamanheng over heile landet, og det vart…

Free

Figurteater: Nattergalen og rosen

Felemakeriet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Osafestivalen og ”Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater” presenterer: «Nattergalen og rosen» av Oscar Wilde. Med: Knut Hamre (hardingfele), Einar Mjølsnes (forteljar), Wiebke Lüders (marionettspelar) og Kristina Hjetland (marionettspelar) Framsyninga varer i om lag 30 min. Kun 20 plassar pr. framsyning. Figurteateret er eit flyttbart dokketeater med base på Voss. Teatret kombinerer tradisjonelt marionettspel med element…

kr 220

Musikalsk prøverom

Torget Vangsgata 28, Voss, Norway

Ta ein tur innom musikalsk prøverom på torget! Vi fyller eit stort telt med spanande folkeinstrument og dyktige instruktørar innan folkemusikk og -dans. Lurer du på korleis ein spelar seljefløyte eller korleis ei munnharpe fungerer? Då er dette staden for deg – uansett alder, musikalsk erfaring og ambisjonsnivå. Musikalsk prøverom er særskilt støtta av: Voss…

To soger – to songarar | Berit Opheim – «Tre vakre vener» | Huskort el. enkeltbillett

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

I konsertframsyninga «Tre vakre vener» presenterear Berit Opheim forteljingar om, og songar etter Margreta Opheim, Olav O. Fletre (Voss) og Ragnar Vigdal (Luster i Sogn). Berit Opheim sjølv seier dette om framsyninga: – Desse tre reknar eg som mine hovudkjelder innan folkesongen, og dei har betydd veldig mykje for meg på mange måtar, med sin…

kr 220

Familiekonsert UngOsa

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Som avslutning på helgesamlinga for born og unge under festivalen får deltakarane syne festivalpublikumet kva dei har jobba med i løpet av helga. Her blir de spel, song og dans framført av unge, spente kursdeltakarar! Foto: Ingerid Jordal

GRATIS

Figurteater: Nattergalen og rosen

Felemakeriet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Osafestivalen og ”Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater” presenterer: «Nattergalen og rosen» av Oscar Wilde. Med: Knut Hamre (hardingfele), Einar Mjølsnes (forteljar), Wiebke Lüders (marionettspelar) og Kristina Hjetland (marionettspelar) Framsyninga varer i om lag 30 min. Kun 20 plassar pr. framsyning. Figurteateret er eit flyttbart dokketeater med base på Voss. Teatret kombinerer tradisjonelt marionettspel med element…

kr 220

Nordic Fiddlers block med Voss Spelemannslag

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Med medlemmer frå Shetland, Røros og svenske Helsingland er Nordic Fiddlers Bloc ei heilt unik samansmelting av nordiske musikktradisjonar. Trioen maktar å kombinere stor energi og full trøkk med kjenslevare melodiar og vakre klangar på ein svært medrivande måte. På Osafestivalen får dei for høvet òg med ei solid dose Vossa-tradisjonar i den nordiske miksen,…

kr 220

Prøvd deg! Lynkurs i kveding (ballade)

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Skulle du ynskje du var like god å kveda som Berit Opheim? No har du sjansen til å læra den…

Free

Figurteater: Nattergalen og rosen

Felemakeriet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Osafestivalen og ”Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater” presenterer: «Nattergalen og rosen» av Oscar Wilde. Med: Knut Hamre (hardingfele), Einar Mjølsnes (forteljar), Wiebke Lüders (marionettspelar) og Kristina Hjetland (marionettspelar) Framsyninga varer i om lag 30 min. Kun 20 plassar pr. framsyning. Figurteateret er eit flyttbart dokketeater med base på Voss. Teatret kombinerer tradisjonelt marionettspel med element…

kr 220

Kristine West & Erik Rydvall

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss, Norway

Kristine West (fløyte) og Erik Rydvall (nøkkelharpe) er to svenske stjerneskot med forankring i folke- og barokkmusikk. I denne konserten tek dei utgongspunkt i J.S. Bach sine verk for solofiolin og solofløyte, og vev barokkmusikken saman med musikk frå svenske spelemannsbøker frå same periode, i tillegg til nyskriven musikk innanfor same toneverd. Ein grunntanke for…

kr 220