Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Prøv deg! Lynkurs i seljefløytespel

26. oktober 2019 kl 14:00

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis.

Mange har nok prøvd seg på å lage og spele seljefløyte i løpet av livet, men det er ikkje mange som meistrer kunsten like godt som Steinar Ofsdal. Om du er nysgjerrig på korleis han får så god lyd i instrumentet, hiv deg med på lynkurs og lær nokre triks frå ein av dei beste i faget!

Oppmøte i kaféen på Ole Bull Akademiet (inngang  oppe)
Kurset varer i om lag  45 min.
Avgrensa tal på plassar, så kom tidleg for å sikre deg plass.
Ikkje påmelding, førstemann til mølla.

Detaljar:

Dato
26. oktober 2019
Tid:
14:00

Lokale

Ole Bull Akademiet
Strengjarhaugen 6
Voss, 5704 Norway
+ Google-kart