Lastar Hendingar

Soloscena «Bjølleslåtten»

Kom tett på fleire av musikarane som er på Voss under festivalen! Gjennom musikalske innslag og samtale med kafévert Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland, får me eit innblikk i tradisjonsmusikken si stilling i samtida og blir betre kjende med artistane bak tonane. Kvifor er det så viktig å halde i hevd folketradisjonar, og i kva grad lyt ein tolke og fornye denne kulturen, for å nå ut til samtida?

Artistar i sofaen:
Kenneth Lien, munnharpe
Margit Myhr, song
Olav Mjelva, hardingfele
Tuva Syvertsen, song
Steinar rygg, hardingfele
Sara Marielle Gaup, joik
Guro Kvifte Nesheim, hardingfele
Berit Opheim, song

Kafévert: Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland
Soloscena «Bjølleslåtten» er eit samarbeid mellom Osafestivalen og Avisa Hordaland

MERK
Få plassar, så sikre deg billett tidleg.
Fingermat frå Tre Brør Kafé er inkl. i prisen